4H er ein medlemsstyrt organisasjon og som erfaren og aktivt medlem kan du bidra til korleis organisasjonen skal utvikle seg ved å delta i ein arbeidsgruppe eller utval.

Ein arbeidsgruppe er ein gruppe som eit styringsorgan (styre eller landsmøte) kan opprette og skal jobbe med ein konkret sak i ein avgrensa periode. Arbeidsgruppearbeid er veldig viktig for utviklinga av 4H. Formålet med ei arbeidsgruppe er at dei utforskar saken og vurderer konsekvensane samt fordelar og ulemper med ulike alternativ, og til slutt lagar ein rapport blir lagt fram til styringsorganet. Medlemar i ei arbeidsgruppe blir ofte spurt direkte om dei ønsker å stille i arbeidsgruppa.

Eit utval er ei fast gruppe med faste oppgåver, t.d. instruktørkursutvalet (IKU), som har ansvar for instruktøropplæringa og bidrar til innhaldet av styrevervkurs. Som frivillige kan du ta på deg verv i eit utval for eit eller to år.

Bidraget ditt i arbeidsgruppe eller utval i 4H er utruleg viktig for 4H, samt at det gir deg moglegheit å lære meir om demokratisk arbeid og korleis du kan påverke 4H si vidare utvikling.

Vis fram kva du har jobba med og kva du har lært når du avsluttar oppdraget.