Dette er ein aktivitet som er fin å gjere på våren, slik at fuglane kan flytte inn i ein trygg heim der fugleungane kan klekke. Slik hjelper du fuglane med å leve vidare i naturen! Skal tru om fuglane vil byggje reir inni kassen din, og om fuglemamma vil leggje egga sine der?

Hugs at dei ulike fugleartene trivast best i ulike typar holkar. Du finn oversikt over mål og rettleiingar til bygging av ulike holkar som passar til forskjellige typar fuglar på nettsida "Oppdrag fuglekasse" (sjå vedlagt lenke). Hugs: Fuglekassane bør hengjast opp innan april.

Dette treng du:

  • Ein uhøvla planke som er 12 cm brei og ca. 1,5 meter lang
  • Meterstokk eller måleband
  • Sag
  • Hammar
  • Spikar eller skruar
  • Blyant
  • Bor og drill/borvinne
  • Ståltråd eller tau til å feste tak og hengje opp kassen med
  • Ev. beis og malekost


Det er skikkeleg moro når du ser at fugleforeldra besøkjer den nye heimen som er hengt opp i treet!  Snart kan du gjerne lytte til pipinga frå fugleungane som vert klekte. Hugs å oppleve dei frå litt avstand, så ein ikkje skremmer fuglemamma og fuglepappa vekk frå reiret. Reingjere kassane haust og vår, og sjekke at fugleholken er klar for innflytting kvar vår.

Les gjerne om korleis Hei og Hå 4H laga fugleholkane sine for å få litt inspirasjon (sjå vedlagt lenke).

Lykke til med fugleholken!