Det kan vere vanskeleg å skilje mellom mose og lav, men i biologien er dei veldig ulike.

Mose er ei plante, medan lav er ein type sopp. Eit moseskot består av ein stengel med blad. Desse blada kan ha veldig ulik utsjånad. Mosar mangle røter, og festar seg til underlaget med noko som liknår hår, som vi kallar rhizoider.

Mosane er lett å finne på myrar. Hugs at du aldri skal gå ut på ei myr utan at du er sikker på at ho ber deg. Mange myrar er vatn som har grodd att. Dei kan derfor vere djupe og du kan setje deg fast.

Lav er ein type sopp. Den lever alltid saman med ein annan organisme. Både soppen og den andre organismen har fordelar av å leve saman. Lav veks overalt, men er lettast å finne i kalde og karrige område.

Under Lenker kan du lese meir om forskjellen mellom mose og lav i blogginnlegget frå Plantepressa.

Du kan godt kombinere dette oppdraget med oppdrag som er tagga med "tur". Mosar og lav kan du finne heile året så dette er eit oppdrag du kan jobbe med kvar gong du ferdast i skog og mark og har med deg eit kamera.

Har du ei lupe, då kan du utforske små detaljer av mosar og lav. Ta bilete av ulike artar og bruk lenkene for å finne ut kva art du fant og kva kjenneteikner den arten. Du kan også bruke faktabøker eller andre kjelder for å finne ut kva mosar og lavartar du fant på turen din.

Lag en video, rapport eller plakat om kva du har lært.

Oppdraget er utvikla i samarbeid med Helene Bakke Oudenstad frå Skogkurs.