Vis fram klubben din på SoMe og andre media
Som informasjonsansvarleg i 4H-klubben din skal du jobbe med synleggjering av aktivitetane i 4H-klubben din. 4H-medlemar deltek i mange kjekke aktivitetar gjennom året og det er fleire interesserte som liker å følgje med 4H-klubben på sosiale og andre media.
Start med å lage ein kommunikasjonsplan i samarbeid med klubbstyret. Det kan du gjere ved å lage ein kalender med alle aktuelle aktivitetar for 4H- klubben din. Bruk årsplanen i klubben, men sjekk også 4H-arrangement av fylkeslaget og 4H Noreg, og kommunekalenderen. Bestem kva slags informasjonsaktivitetar de ønskjer å gjennomføre for ulike aktivitetar. Blir det nokre bilete på SoMe eller inviterer de inn lokalavis? Skal du starte i forkant av eit arrangement for å bygge opp engasjement eller viser du bilete etter arrangementet?
Det er ulike måtar at du kan vise fram klubben din, t.d..:
- Ta bilete, lag videosnuttar eller gjennomfør intervju med medlemar eller klubbrådgjevarar
- Bruk ein klubbkonto på ulike sosiale media for å legge ut bilete, videoar og tekstar
- Skrive artiklar til lokalavisa om klubben din
- Tipse lokalavis og kommune om større arrangement (t.d. aspirantleir, haustfest)
- Sende artiklar og bilete til medlemsbladet av 4H i fylket ditt eller 4H Noreg
- Samarbeid med t.d. fylkeslag om ein «take-over» av dei SoMe for ein liten periode
- Lag plakatar og brosjyrar som kan bli brukt for verving av nye medlemar
Pass på personvern! Oppdater deg om reglane om personvern. Under «lenker» kan du finne ressursar. Spør klubbrådgjevaren om det er medlemar som ikkje ønskjer å bli vist fram på sosiale media og pass på at dei ikkje er med på bilete eller videoar som du legg ut.