I dette oppdraget skal du laga deg ein eigen vêrstasjon. På vêrstasjonen skal du kunna lesa av lufttemperatur, måla nedbør- og vindstyrken. Legger du vêrstasjonen din ved eit vatn eller elv, kan du også registrera temperaturen i vatnet.  I tillegg skal du gjera deg nokon tankar om korleis vêret har påverka deg i løpet av den tida du har registrert vêret.

Slik set du opp ein vêrstasjon:

Temperatur: Set opp eit utetermometer. Det kan gjerne vera digitalt, men då må det vera eit termometer laga for bruk ute.  I Noreg måler me lufttemperaturen i grader Celsius (ºC). Når det er null grader, frys vatnet.

Vasstemperatur blir målt med eit eige vasstermometer og blir målt i grader Celsius (ºC) på same måte som lufttemperaturen.

Nedbør: Set opp ein regnmålar til å registrera nedbør som kjem i form av regn. Nedbør blir målt i millimeter (mm). Bur du i eit område der det kjem snø må du i tillegg setja ned ein pinne delt inn i centimeter (cm). Vi registrer snømengd i talet på cm.

Mengda vatn i snø varierer. Du kan finna vassmengda ved å setja ut eit litermål når det er venta snø. Når det har snødd så mykje at litermålet er fullt, kan du ta det inn og smelte snøen. Når alt har smelta kan du lesa av vassmengda i talet på desiliter (dl).

Vind: Det er vanskeleg å måla vindstyrken eksakt, men du kan bedømme vindstyrken ved å sjå på korleis trea bevegar seg. Vedlagt følgjer ein tabell der du kan lesa av vindstyrken.

Vindstyrke blir målt i meter per sekund (m/s) men har i tillegg eigne namn. I dette oppdraget er målet at du skal kunna beskriva vindstyrken med ord.

Luftfukt: Det er også mogleg å registrera luftfukta. Då må du setja opp eit hygrometer. Luftfukta blir målt i prosent (%) og fortel kor mykje vatn det er i lufta.

Registrering og rapportering: 

Sett opp vêrstasjonen og bestem når og hvor ofte du skal måle i løpet av året. En tips for å hugse oppdraget er å bruke en kalender og sette inn varslar på dagene du ønsker å måle. 

Bruk en notatbok eller datamaskin til å registrere målingene dine. Skriv ned dato og skriv resultater av målingane på den dagen. Lag en tabell, da blir det lett å lese resultatar. Skriv ned korleis du blei påverka av vêret under målingen (blir du kaldt, blir du vått?). Du kan også ta eit bilete som viser vêret den dagen og legge de til. 

På haustfesten skal du laga ein presentasjon av vêrstasjonen og visa resultata av målingane dine. 

Oppdraget er utvikla i samarbeid med Helene Bakke Oudenstad frå Skogkurs.