I år startar vi opp att prosjektet triveselsagent! Det er vere trivselsagent er kjempe kjekt, lærerikt, sosialt og gir god erfaring.

Prosjektet består av to samlingar arrangert av trivselsagentkoordinatorane i fylket. Første samling vært gjennomført 24. til 26. februar på Alpehytta i Ørsta kommuneDet er avgrensa med plassar så her er det førstemann til mølla!

Påmeldingsfrist 10. februar.

 

Ein trivselsagent sin hovudoppgåve er å spreie trivsel i klubbane sine og også i fylket. Trivsel er eit stort omgrep, men det kan kort definerast som noko som gjer ein glad eller lukkeleg. Trivselsagentane skal med andre ord vere ein faktor i det at 4H- medlema har det kjekt på klubbaktivitet, storkurs, SAS-en, fylkesleir og alt anna kjekt 4H-fylket finn på i løpet av året.

Dei medlemmane som blir med og vel trivselsagent som prosjekt vil få eit ansvar på seg ved prosjektvalet. Trivselsagenten skal vere eit mellomledd mellom 4H-medlem og fylkesstyret. For 4H-medlemma vil trivselsagenten vere ein person dei ser opp til, skal kunne stole på og har tillit til. Agenten må derfor på samlingane få lære litt om det å vere rollemodell, å ha ansvar og kva ein skal gjere dersom noko skjer og medlemmane kjem til agenten for hjelp. For fylkesstyret vil trivselsagenten vere ein ressurs ein kan bruke, og ei hjelpande hand på fylkesarrangement. Som ein del av krava til prosjektet skal agentane hjelpe til under fylkesarrangement. Her kan dei til dømes ha bli-kjent-aktivitetane, temakveld/underhaldning på kveldstid eller hjelpe til med meir praktiske gjeremål.

 

Det er i alt fem krav ved prosjektet, blant anna synleggjering, deltaking på minst ei trivselsagentsamling, gjennomføring av trivselstiltak i klubb og i bygda si og deltaking på minst eit fylkesarrangement. Alle desse krava vil bli gjennomgått på sjølve kurset, i tillegg til at det under samlinga blir mykje sosialt, god mat, sprell og bittelitt rangling. Hørest dette ut som noko for deg? Då må du halde av helga 24.-26. februar!

 

Har du spørsmål om prosjektet?

Ta kontakt med trivselsagentkoordinatorane: