Fellestransport til landsleir 2022

4H Møre og Romsdal har ordna fellestransport til landsleir gjennom Ingers Trans frå Stranda kommune. Vi ønskjer at de melder inn om de tar bussen eller kjøyrer sjølv.

Det skal vere god plass på bussen slik at deltakarane kan ha med det dei treng for å bo ute ei veke, men tenk smart når de pakker.

Reiserute

Avreise frå Tingvoll 30. juli og heimreise 6.august frå Breim.

Den foreløbige reiseruta og stoppeplassane ser slik ut.

- Tingvoll
- Øydegård
- Høgset, Gjemnes
- Botnfjøra
- Hjelset
- Molde
- Vestnes
- Liabygda
- Stranda
- Hellesylt
- Grodås

Du vel sjølv ut kva tettsted du ønskjer å gå på bussen, så kjem vi tilbake med nærare informasjon om stoppestad når vi ser kvar de har meldt dykk på. 

NB! Grunna bussjåfør kabal og eit sterkt ynskje frå busselskapet går ikkje bussen via Rauma, slik som det orginalt var planlagt. 

 

Pris

Eigenandel for fellestransport: 330 kr.
Eigenandel for dei som ikkje reiser med fellestransport : 30 kr.

Ved påmelding så får de desse priskategoriane:
Deltaker tur/retur: Dette er for dei som ønskjer å benytte bussen begge vegar.
Deltaker TIL: Dette er for dei som ønskjer å benytte bussen TIL landsleir.
Deltaker FRA: Dette er for dei som ønskjer å benytte byssen FRÅ landsleir.
Deltaker, spesial. Dette er for dei som kjøyrer sjølv, eller sitt på med nokon som kjøyrer. 

Plassane blir først og fremst reservert til medlem frå Møre og Romsdal, men andre fylker kan melde seg på og få tilbod om restplassar.

Helseopplysning:
Om det er noko spesielt vi bør ta hensyn til ved transport, noter dette her. 

Kontaktinformasjon

Ved spørsmål ta kontakt med vikarierande org. rådgjevar, Ragnhild S. Bjørkedal. 

e-post: ragnhild.bjorkedal@4h.no eller tlf. 47640341