I løpet av denne helga får styremedlem i klubbane opplæring i styrevervet sitt av instruktørar utdanna på nasjonalt kurs av 4H Norge. Kursa som det vert tilbod om denne helga er:

 

  • Leiar/nestleiar: Er du nyvalt leiar i klubben eller har du vore leiar tidlegare? I dette kurset får du ein gjennomgang av kva som er leiarens og nestleiarens rolle og ansvar i klubben og ulike måtar å være ein god leiar på. Kurset går også gjennom ulike former for kommunikasjon og eigenskapar som kjenneteiknar ein god leiar.

 

  • Sekretær: Sekretærkurset fokuserar på sekretærens oppgåver gjennom 4H året. På kurset får du innføring i korleis føre møtereferat og protokoll, kva som er sekretærens særskilte oppgåver og sekretæren i samspel med resten av klubbstyret.

 

  • Kasserar: Kasserarkurset er tiltenkt klubbanes kasserarar. På kurset vil ein få ei innføring og praktisk trening på kasserars oppgåver i klubben, korleis sette opp eit budsjett, bilagsføring, føring av rekneskap på papir og elektronisk og avslutning av rekneskapen før årsmøtet i klubben.

 

  • Styremedlem: Klubbens styremedlem skal kunne fungere som vikar for dei andre verva i styret. På styremedlemskurset vert det derfor gitt ein enkel innføring i oppgåvene til alle verva i styret. Det vert også gitt inspirasjon til andre roller eit styremedlem kan ha i klubben f.eks. leikeansvarleg.

 

  • Friluftshelt: Er du glad i friluftsliv og ønsker å være ein ressursperson for klubben din ved gjennomføring av friluftslivsaktivitetar? Friluftshelt-kurset gjev deg ein enkel innføring i friluftsliv. Tema som vert gjennomgått er allemannsretten, sporlaus ferdsel, kart og kompass, etablering av rasteplass, båltenning og mat på bål.

 

  • Vaksen/rådgjevar: Gjennomgang av medlemsregisteret, min side på 4H.no og prosjektplattformen. Teambuildingsøvelsar. Erfaringsutveksling og samtale rundt aktuelle problemstillingar i klubbane.

 

Har du lyst til å lære meir om det å sitte i eit styre eller er du heilt ny i klubbstyret og treng ei innføring i vervet ditt meld deg på!

 

Laurdag 4. februar vil plakettfesten gå av staben på Vonheim forsamlingshus i Malmefjorden. Her vil seniorane som i 2022 fullførte 4H-løpet få utdelt plaketten som bevis på sitt sjuande godkjente prosjekt og bli ønska velkommen som alumnar i MORAL – Møre og Romsdal Alumnlag.

 

Søndag 5. februar gjennomfører 4H Møre og Romsdal sitt årsmøte. Dette er fylkets viktigaste møte der alle medlemmane har moglegheit til å påverke kva 4H Møre og Romsdal skal drive med dei neste åra: kva aktivitetar skal vi ha? Kva skal vi bruke pengar på? Kven skal sitte i fylkesstyre? Dette er spørsmål du som medlem kan være med å påverke og svare på gjennom å delta på årsmøtet.

 

Pakkeliste:

  • Sovepose og liggeunderlag
  • Toalettsaker
  • Håndkle
  • Klær til heile helga
  • Uteklær til utendørs morgenaktivitet
  • Innesko
  • Skrivesaker
  • Datamaskin (gjelder kassererkurset)
  • Finklær til plakettfesten

 

Dette vert ei SUPER- helg med mykje læring