Velkomen til storkurs!   

27.-29. september er det klart for storkurs i fylket!   

  
4H Møre og Romsdal og Ruggå 4H er glade for å kunne invitere til storkurs. Vi skal ver i Tafjord i Fjord kommune.   

I tillegg til kursa blir det aktivitetar som bli-kjent program, underhaldning, leikar og musikk. 

Kurset skal vere på Tafjord skule og ungdomshuset som liggjer 150m frå.   
Tafjorden er omringa av fantastiske omgjevelsar. Uteområdet kan tilby ballbinge, aktivitetsanlegg og områder der ein kan ha uteleik. Er du glad i kubbespel? Så er det mogleg å få det til! Eller er du meir til volleyball? I såfall har vi volleyballnett i gymsalen klar til bruk!  
  

Storkurs er for deg som fyller 12 år i år eller er eldre.   

Årets kurstilbod:  

Kurstilbod
Kva?Kor mange?Korleis?
SUP/Kajak7I regi av Ræin Adventures. Her har du moglegheit til å sjå naturen frå ein annan vinkel! Kurset er for nybegynnera. Turen går ut gjennom Tafjorden. Her er det også moglegheitar for å i land og lage bål.
Klatring/Rappelering7I regi av Ræin Adventures. Er du ein ekte klatremus eller det danskane kallar ein “fjeldabe”? Synest du det er kjekt å utfordre deg og merke adrenalinet? Så er dette kurset for deg! Kurset avholdast i Tafjord på kraftanlegget.
Fjelltur, Flyene10I regi av lokal guide. Turen er ikkje spesielt bratt, men tek ca 4 timer tur/retur. Den passer for alle, og gir fantastisk utsikt over heile Tafjord. Godt for kropp og sjel!
Matlaging m/ bygdekvinnelaget8På kjøkkenet på ungdomshuset finner vi det energiske bygdekvinnelaget, her vil dei lære deg å lage god og tradisjonell mat. Dei som er med på dette kurset slepp å ta med matpakke denne dagen. Er vegen til hjartet ditt er igjennom magen, så er kanskje dette kurset for deg! 
KlatreparkenMin. 20I Valldal aktivitetspark har vi heile parken for oss sjølv. I parken får du opplæring av kvalifiserte instruktørar og lån av alt utstyr du treng. I heile åtte forskjellige løyper finn man tilsaman 61 hinder! Løypene er markert med fargekodar ut i frå vanskelegheitsgrad.
Fisking JFF10Er du ein som trivast best i selskap med naturen? Så kan fisking i fjellvatn være noko for deg. Har du ein redningsvest liggjande? Ta den med! Resten av utstyret stiller vi med. Her er også moglegheit for bålbrenning og kaffi.
Omvisning, Hofseth15Korleis får ein fisk til å vekse? Først får du ei omvisning på klekkeriet. Turen går så med båt ut til eit oppdrettsannlegg, der ein lærer om oppdrett av fisk. Her er også moglegheit for smaksprøve!
Flettning og kreativ verkstad16Er du glad i handarbeid? På dette kurset delast gruppene i to, og ein får dermed moglegheit å lære seg både å lage scrapbook og flette. Fletting står den dyktige frisøren Noi for, og til scrapbooking og kort møter man entusiastiske Mariann!
Paintball18I haust har du moglegheita for å være med på paintball! I Stordal har dei ei innandørs paintball bane, dette er ein liten køyretur på 45 minutt frå Tafjord. Her blir du utstyrt med det du treng for å overleve! Er du klar på å eliminere motstandarane med malingskuler?