Sett av datoen! Den fyste helga i haustferien blir det endeleg SASen igjen. 

Dette er ei helg med mange ulike aktivitetar, og vi kan love at det blir sosialt og veldig kjekt! Kan love ein båttur i fine omgjevnadar og mat på bål, håpar du blir med oss! 

Det er avgrensa antall plassar på dette arrangementet, så "fystemann til mølla"-prinsippet gjelder her. 

Du kan lese meir om: 

Generell informasjon
Pris og påmelding
Program
Overnatiing
Aktivitet
Pakkeliste 
Tilkomst/Reise

 

Generell informasjon 

Vi blir ein heil gjeng som skal ha det kjekt og sosialt i lag. 
Maten blir laga av arrangørar og deltakarar i samarbeid, vi må og saman rydde og det som høyrer med eit måltid. 

 

Pris og påmelding

Helga kostar 250 kr som de betalar når det melder dykk på.

Påmeldinga opnar 16.september kl. 12.00 

Påmeldingsfrist 1. okotber kl 23.59.

 

Program 

Endringar/oppdatering i programmet kan førekomme. 

Fredag 

19.00 Oppmøte 
20.00 Kveldsmat/middag 
21.00 Bli kjent + sosialt 

Laurdag 

09.00 Vekking 
09.00 Frokost 
10.00 Aktvitet ute 
- Lunsj 
16.00 Litt å bite i 
19.00 Middag 
20.00 Suprise 

Søndag 

09.00 Vekking 
09.30 Frokost 
12.00 Pakking, rydding og vasking 
13.00 Lunsj 
13.30 Heimreise 

 

Overnatting 

Vi har leig Kilsfjord Grendalag på Straumsham, gamle Straumsham skule. Dette betyr at alle må ha med sovepose og madrass, feltseng eller liknande, vi skal sove inne på golv. 

 

Aktivitet 

Laurdag er aktivitetsdag og vi skal vere ute kle dykk etter veiret, vi skal tilbringe noko av dagen nær fjorden og på båt det kan derfor vere lurt å ta med sko som tålar vatn, slik som støvlar eller gortex sko. 

 

Pakkeliste 

  • Sovepose og eventuelt pute
  • Madrass, feltseng eller liknande (Søv inne på golv) 
  • Kle til å vere ute i 
  • Varmekle 
  • Gode og vasstettesko 
  • innesko/tøffler/tjukkesokker kan vere lurt/kjekt å ha 
  • Sitteunderlag
  • Snacks og godteri som ein vil ha og kose seg med i helga
  • Godt humør!

 

Tilkomst/ Reise 

Adresse til staden vi skal vere på er Straume 9, 6120 Folkestad, adresse på googel maps.

Kjem du via E39 til Volda er det raskast å ta ferja frå Volda - Folkestad, rutetider. Det er mogleg å køyre rundt Austefjorden, om Fyrde, vegbeskrivelse

Det er mogleg å bli henta på Folkestad ferjekai, gi beskjed om dette ved påmelding (veit du det ikkje ved påmelding gi beskjed snarast du veit du treng skyss). Nokon vil kontakte deg med informajson om når. 

 

Saka blir kontinuerleg oppdatert så følg med. 
Har du spørsmål ta kontakt med Ragnhild S. Bjørekdal, tlf. 476 40 341 eller e-post ragnhild.bjorkedal@4h.no