På regionsamlingane møtast 4H-klubbane i området til artige friluftsaktivitetar, erfaringsutveksling og informasjon frå fylkeslaget. 

Klubbane vel sjølve kva samling ein vil delta på. Møta er for medlemmar og klubbrådgjevarar. I første runde er det plass til 10 medlemmar(pluss vaksne)frå kvar klubb. Har din klubb fleire som er interessert, skriv det på påmeldinga. Så gir vi beskjed når påmeldingsfristen er ute - om der er plass til fleire. Klubbrådgjevar melder på klubben samla via formsskjemaet nederst i saka.

 

  • Dei fleste samlingane varer frå kl. 18.00 til 20.00 og blir arrangert på naturmøteplassar hjå dei lokale 4H-klubbane. 

  • Møta er gratis. 

  • Ta på klede og sko etter vêret - møta blir ute. 

  • Alle tek med eiga drikke. 

  • Etter påmelding får de e-post med eksakt adresse og klokkeslett. 

Dato      

Klubb 

Stad/kommune 

Påmeldingsfrist 

26.08.

Røsslyngen 4H 

Bøfjorden 

21.08.

27.08.

Hustadvika 4H 

Hustad 

21.08.

29.08.

Storm 4H 

Ørsta

21.08

28.08.

Straumen 4H 

Sykkylven

21.08.

04.09.

Skåla 4H 

Skåla 

28.08.

 
Påmelding: 

  • Skjema for påmelding kjem
  • Vi ber om at klubbrådgjever melder på klubben samla. 
  • Viktig at de overheld fristen, så vi kan opne opp for klubbar som ynskjer å delta med fleire enn 10. 

  • Vi må ha namn og fødselsår på alle.

  

Samlinga er støtta av Miljødirektoratet og Møre og Romsdal fylkeskommune.