- Pris: Kr 2500,-
- Arrangør: 4H Møre og Romsdal
- Scandic Seilet, Molde
- (heldags)

Kurs
Samlinga er diverre AVLYST på grunn av korona-pandemien.
Velkomen til inspirasjonssamling!
8. - 10. januar inviterer vi alle vaksne og engasjerte 4H-arar til helgesamling på hotell Scandic Seilet, Molde.
I år skal vi ha hovudfokus på det som skjer i klubben. Vi skal erfaringsutveksle i grupper, lære meir om bruk av den nye digitale plattforma for 4H-prosjekt, oppleve og lære om spennande uteaktivitetar og ikkje minst få høyre meir om korleis klubben kan bli med i prosjekta Draumeplassen og Fritt fram i friluft.
Liljen 4H
Liljen 4H har vore "testklubb" for den digitale prosjektplattforma til 4H Norge. Dette har gjeve dei ei unik erfaring. Vi er heldige som har moglegheit til å lære av dei!
Friluftsheltane våre
Kvart år sender 4H Møre og Romsdal ungdomar på instruktørkurset "friluftshelt" i regi av 4H Norge. Dersom alt går i boks, er det desse som skal aktivere oss utomhus laurdagen.
Karianne Ellefsen Skotte
Er prosjektleiar for Draumeplassen og Fritt fram i friluft. Ho vil på søndagen fortelje om prosjekta og ikkje minst lære oss meir om korleis naturen kan vere ein super læringsarena.
Overnatting: På grunn av korona-pandemien blir enkeltrom standard og prisen lik for alle. Vi ber alle "nærkontaktar" som gjerne vil ha dobbeltrom, velje dette i påmeldingsskjemaet. Skriv kven du vil dele rom saman med i feltet "melding til arrangør".
Påmeldingsfrist: 6. desember 2020
Pris pr person: kr 2500
Program
Fredag |
|
1900 |
Middag |
2000 |
Velkommen, praktisk info. og presentasjon |
2030 |
Gruppearbeid med tema drift av 4H-klubben |
Laurdag |
|
0930 |
Digitale prosjekt |
1230 |
Lunsj |
1330 |
Uteaktivitet |
1700 |
Litt å bite i |
1730 |
Info fra fylket |
1800 |
Pause |
2000 |
Middag og «Hatteparty» |
Søndag
0930 |
Naturen som læringsarena Draumeplassen Fritt fram i friluft |
1230 |
Evaluering |
1330 |
Lunsj og heimreis |