Leiren skal vere på Åheim ved Jetmund Gjesteheim midt i sentrum av Åheim i Vanylven kommune.  
Her blir det fire dagar med spannande aktivitetar, tevlingar, leik og mykje sosialt samvær. Du treff igjen gamle 4H-vener, og får nye venner frå heile fylket.  

 

Praktisk informasjon:  

Kva er leir?  

På leir med 4H skal du sove i telt på gras. Du søv i lag med andre i din klubb, men og andre klubbar vil vere i ditt tun. Du får servert middag men dei andre måltida må du ordne sjølv (Din klubb bruker å ha eit samarbeid på dette. ) Mjølk og yoghurt får du til brødmåltid. Alle som er medlem i 4H kan vere med, men foreldre og søsken kan og melde seg på så du kan ta med deg nokon du kjenner. 

Påmeldinga opnar 22, april. Enkelte aktivitetar har avgrensa med plassar, så ikkje vent med å melde deg på om du skal vere sikker på å få førstevalet ditt.  

Tema for årets leir er jonsokfeiring med fantetog(meir info kjem)

Volleyball og tautrekking 

Det blir turnering i både volleyball og tautrekking. I volleyball er det to klasser; aspirant-klasse og  junior/senior-klasse det vert kjempa om pokal i begge klasser. Innmelding av lag til leirkontoret  seinast laurdag kl. 9.00. 

Tun 

Vi skal sjølvsagt dele leirområdet inn i tun. Tunet består som regel av fleire klubbar, men alle i same klubb får bu i same tun. Det blir sendt ut info om kven som skal bu i lag før leiren, om de ynskjer å samarbeide om noko. Ynskjer du noko å sitte på i ditt tun og eventuelt eit bord til frukosten så må de ha med dette sjølv (tips, organiser dette saman med eigen klubb). 

Kiosk 

Det blir kiosk i leiren, med sal av frukt og grønt i tillegg til dei tradisjonelle kiosk-varene. Dersom det er behov for kjøp av brød, må de gi beskjed om dette i forkant. 

Miljøtorg 

Tradisjonen tru stiller Moral med miljøtorg. Her blir det sal av diverse drikkevarer, moraltoast, vaflar og moral-is. Miljøtorget er ein samlingsplass for mykje sosial aktivitet, kos, spel, musikk og anna moro. Følg med i løpet av leiren for plutseleg blir det sett igang ein leik, dans, quiz eller anna morosam aktivitet. I kiosken og miljøtorget blir det mogleg å betale med kontantar eller VIPPS. 

Vaksne leiarar 

Det bør vere ein vaksen leiar pr. 10 barn. Har de problem med å finne nokon som vil vere med, så går det an å avtale med ein naboklubb(då må vi få beskjed om det). Vaksne kan og dele opphaldet (første halvparten- andre halvparten, meld i så fall på berre på ein leiar og gi beskjed til leirkontoret ved bytte). Leiarane melder seg på i eiga påmelding med litt seinare frist enn for medlemmane, så de veit kor mange deltakarar som vil reise. 

Påmelding: 

Påmelding via heimesida «Fylkesleir Åheim 2024, medlem» 

Du skal berre velje ein aktivitet. Dersom det blir fullt på ditt ynskje får du beskjed med ein gong og du kan velje på nytt. Alle medlemmar betalar ved påmelding. 

Alle vaksne med medlemsnummer skal velje «Fylkesleir Åheim 2024, leiar» 

Dei vaksne skal ikkje velje aktivitet, dette for å ikkje ta opp plassane til medlemmane. Vi vil plassere vaksne på aktivitetar etter behov – har du spesielle ynske kan du føre det på i fritekstfeltet ved påmelding. 

Om det er med vaksne som ikkje har medlemsnummer, eller yngre barn til leiarar, som ikkje er med i 4H – skal dei meldast på via Formsskjemaet som ligg på heimesida. Er du registrert som pårørande har du medlemsnummer(be nokon i styre i klubben, eller kontoret om å finne det til deg). Alle leiarar får tilsendt faktura, denne må betalast før leiren startar(det er vanleg at klubben betalar for leiarar). 

Påmeldingsfristen er 26. mai for medlemar og 29. mai for vaksne. Fristane er endelege!! 

Skulle nokon likevel ha ein så god grunn at dei får melde seg på etter fristen er gått ut, er prisen 

dobbelt uansett grunn. Ei lita presisering, påmeldinga til leiren er bindande, så om nokon vel å melde seg av etter at påmeldingsfristen er gått ut – blir ikkje leiravgifta refundert. Er det pga sjukdom kan vedkommande bruke eiga reiseforsikring. 

 

Pris:  

Deltakaravgift: kr.1200 

Leiar: kr. 800 

Landsleirdeltakar: kr.800 

Alumn: kr. 600 

Barn til leiarar under 4H-alder, og som IKKJE skal delta på aktivitetar: kr. 800,-(Ved påmelding melder ein desse på via Formsskjemaet på heimesida)  
Påmelding for leiarar utan medlemsnummer, evt barn under 4H-alder - kjem her. 

 

Hugseliste  

  • Telt (og plast/presenning) bord, stolar (organiser i klubben) 
  • Sovepose og liggeunderlag 
  • Regnkler, gode sko og støvlar 
  • Varme kler 
  • Lette kler 
  • Toalettsaker 
  • Tallerken og bestikk til middag 
  • Mat til brødmåltida 
  • Matboks og drikkeflaske til lunsj 
  • Enkelt førstehjelpsutstyr 
  • Nødvendig medisin 
  • Solkrem og myggmiddel 
  • Liten sekk, til lunsjmat og til å ha verdisaker i. 

 

Program 

Fredag 21. juni: 

Frå kl. 17.00 Frammøte og leirbygging 

19.00 Servering av varmt måltid  

20.30 Opning 

22.00 Leiarsamling 

22.00 Miljøtorget opnar 

24.00 Ro i leiren-aspirantane finn soveposen, fødd i 2013 og seinare 

01.00 Miljøtorget stenger 

  

Laurdag 22. juni:   

08.00 Vekking - Frukost  

09.00 Flaggheising. Morgonsamling. Premiering av dagens morgonfugl. 

09.30-15.00  Aktivitetsdag     

Lunsjpause når det passar 

16.00 Middag 

19.00  Kveldsmat 

20.30 Underhaldning 

22.00 Leiarsamling 

24.00 Ro i leiren 

01.00 Miljøtorget stenger 

  

Søndag 23. juni: 

08.00 Vekking - Frukost 

09.00 Morgonsamling. Flaggheising. Premiering av dagens morgonfugl   

09.30 Volleyball 

Samtidig med volleyballkampane vil det føregå mange andre aktivitetar for dei som ikkje spelar eller er med på lag.  

12.00 Lunsj                                                         

13.00 Volleyballkampar                                

16.00 Middag   

Samling for Landsleir deltakarar i Miljøtorget  

18.00  Fantetog 

Jonsokbål  - Kåringar 

20.00   Kveldsmat       

22.00 Miljøtorget opnar 

22.00 Leiarsamling 

24.00   Ro i leiren.   

03.00 Miljøtorget stenger 

  

Mandag 24.juni: 

08.00  Vekking. Frukost 

09.00 Flaggheising. Morgonsamling. Premiering av dagens morgonfugl. 

09.05 Tautrekking (med finalar)  

10.00 Volleyballkampar med finalar 

12.00   Rydding 

13.00     Premieutdeling. Avslutning 

13.30      Lunsj – Vel heim! 

 

Aktivitetar (her kjem meir info om kvar aktivitet)

  • Surfing – Aldersgrense 13år – Eigendandel 600kr  

  • Hest – Aldersgrense 10år – Eigenandel 200kr  

  • Selja kloster, fjordguiding  

  • Selja kloster, fjordguding og ein tur med RIB – Eigenandel 200kr  

  • Kajakk – Aldersgrense 13 – 17 år  

  • Klatring  

  • Skyting med Vanylven Jeger og fiske – Aldersgrense 12år  

  • Steinsliping og Steinsenteret    

  • Snekkarverkstad  

  • Livet i fjøra  

  • Leikarring (dans)  

  • Måling og teikning  

  • Fjelltur  

  • Bygdevandring på Åheim  

  • Brannslukking  

  • Volleyball – Aldersgrense 12år  

  • Makrame med Kjerringa Husflidslag    

  • Moro med moral – Aldersgrense «Siste års senior» 

 

Det vil vere mogleg å søke 4H om deltakerstøtte.

 

Påmelding: 

Påmeldinga opnar 22. april