- Arrangør: 4H Møre og Romsdal
- Lom
- (heldags)
Leir
Fellestransport til Nordisk leir på Lom, ALLE som skal på leir må melde seg på her, også om du ordnar skyss sjølv
4H Møre og Romsdal har ordna fellestransport til nordisk leir på Lom, Sykkylven turbuss vil stå for transporten. Fellesreise med andre 4H arar er ein viktig del av leiropplevelsen.
ALLE som skal på leir må melde seg på her, også om du ordnar skyss sjølv.
Dette fordi alle må ver med å betale for frakt av fellesutstyr, administrasjon og reise til leiarar.
Det skal vere god plass på bussen slik at deltakarane kan ha med det dei treng for å bo ute ei veke, men tenk smart når de pakker.
Plassane er “førstemann til mølla” for medlemmar i 4H M&R. Vi har ein buss med vel 50 plassar. Andre fylker kan melde seg på og få tilbod om restplassar.
Vi har satt maksprisen til 1200 kr, det kan bli noko billigare om mange reiser med fellestransporten.
Faktura blir sendt ut, og må ver betalt innan fristen for å sikre seg plassen.
Reiserute
Avreise frå Tingvoll 8. juli(morgonen, tidspunkt kjem) og heimreise 15. Juli (etter frukost) Frå Lom
Husk å krysse av for kvar du vil gå på. Den førebelse reiseruta og stoppeplassane ser slik ut:
- Kanestraum fergekai
- Øydegård, ved Aspøya Fjordsenter
- Høgset, Gjemnes
- Batnfjordsøra
- Hjelset
- Molde fergekai
- Vestnes
- Liabygda fergekai
- Stranda fergekai
- Hellesylt, ved hovudvegen
- Grodås
- Kjøsbru
Du vel sjølv ut kva tettstad du ynskjer å gå på bussen, så kjem vi tilbake med nærare informasjon om stoppestad når vi ser kvar de har meldt dykk på.
Pris
Eigenandel for fellestransport tur/retur: 1200 Kr.
Eigenandel for fellestransport ein veg: 750 kr.
Eigenandel for dei som ikkje reiser med fellestransport : 500 Kr.
Velg eit av desse alternativa ved påmelding:
Deltakar tur/retur: Dette er for dei som ønskjer å ver med bussen begge vegar.
Deltakar TIL: Dette er for dei som ønskjer å ver med bussen TIL nordisk.
Deltakar FRÅ: Dette er for dei som ønskjer å ver med bussen FRÅ nordisk.
Deltakar, felleskostnadar: Dette er for dei som ordnar transport sjølve.
Økonomi skal ikkje ver ei hindring for å delta på leir i 4H. Trenger du, eller nokon i klubben støtte til å vere med på leir/til transport kan du lese meir og søkte støtte her: Deltagerstøtte - 4h
Kontaktinformasjon
Ved spørsmål ta kontakt med org. rådgjevar, May Britt Skjortnes.
e-post: maybritt.skjortnes@4h.no eller tlf. 40847734