Det er kjekt å sjå att så mange klubbar har fått nye medlemmar - totalt vart det verva 32 nye medlemmar. Velkommen til alle dei! 

Klubben som verva flest medlemmar i perioden 1. oktober - 31. desember ar Elvablikk 4H. Blant dei klubbane som hadde verva vart ein klubb trekt ut til ekstrapremie, dette er Vilmarksgjengen 4H. Gratulerer til begge klubbane!

 

PREMIANE ER: 

Beste klubb får gåvekort på valfri butikk – aktivitet til kr. 2500 

Ein tilfeldig klubb som har medlemsvekst blir trekt ut, og får gåvekort på kr. 1000 

Premien håper vi klubben kan bruke til ein sosial aktivitet, eller kjøpe noko som kjem flest mogleg til gode. 

Vi tek kontakt ang premiane.

4H Møre og Romsdal har dermed medlemsvekst i 2023 og, for fjerde år på rad. Vi oppfordrar alle klubbane til å fortsette det gode arbeidet - og lat flest mogleg få kjenskap til og ver med i den flotte organisasjonen vår.