Draumeplassen konkurransen 2020-2022 er no avslutta, og vi står igjen med fem vinnarar i Møre og Romsdal.
Vi retter ein stor takk til alle som søkte og viste interesse for konkurransen. Det har vore ein kjekk prosess, der vi har fått innsikt i mange gode tankar og idear. Dette viser at prosjektet er aktuelt. Vi ønskjer dei som ikkje gjekk vidare i denne omgang - lykke til, så håper vi at dykkar prosjekt blir gjennomført til tross for at de ikkje gjekk vidare med oss.
Dei fem vinnarane som står igjen svarte godt på kriteria i begge rundane. I første runde måtte dei sende inn ein søknad og introduksjonsvideo der dei viste til visjon og draum for sitt naturområde. I andre runde krevde søknadane mykje meir, då element som framdriftsplan, budsjett, vedlikehaldsplan og grunneigaravtale måtte vere på plass.
Vi ønskjer å gratulere 4H klubbane Kveldssol 4H, Liljen 4H, Vårsol- og Ørn 4h så mykje som vinnar, og vi ser fram til å følgje prosjekta vidare og få tre nye arenaer for 4H klubbane og nærmiljøet.
Vi ønskjer også å gratulere Leik og samspel på Godøya og Alnes, samt Ågnegjerdet Velforening som vinnar, og ser verkeleg fram til å følgje dykkar prosjekt vidare og få to nye arenaer for nærliggande klubbar og lokale i dykkar nærområde.
Kveldssol 4H på Mittet
Kveldssol 4H har inngått eit samarbeid med Mittet idrettslag. Dei skal ruste opp ei sandvolleyballbane som har tydelige bruksmerker etter å ha vore ein sentral arena i 20 år. Dei ønskjer også å ruste opp området rundt bana ved å bygge ein gapahuk med tilhøyrande grillområde. Området kan brukast av klubben eller andre i nærområdet som ein fin samlingsplass. Kansje blir det volleyballturnering her også?
Liljen 4H i Rauma
Liljen 4H har som mål å skape ein naturmøteplass som skal bli deira base for aktivitetar i og ved vatnet. Dei skal bygge ein open gapahuk i eit naturområde som er godt tilrettelagt til å bli ein bra naturmøteplass. Gapahuken skal innehalde bord, benkar og lagerrom for oppbevaring av diverse utstyr dei har i klubben.
Vårsol og Ørn 4H i Eresfjord og Vistdal.
Vårsol og Ørn 4H har inngått eit samarbeid med Eresfjord IL om å skape ein møtteplass i tilknytning til skisenteret som akkurat har fått ein ny reguleringsplan. 4H klubbane skal sette opp to gapahukar sentralt i det nye skileikområdet. Gapahukane skal vere romslige, med benker og bord og ein naturleg plass å trekke seg tilbake i.
Leik og samspel, nærmiljøprosjekt på Godøya og Alnes.
Leik og samspel er eit nærmiljøprosjekt på Godøya og Alnes som har mange gode planar. I dette prosjektet har dei som hovedmål å etablere ein møteplass for barn og voksne. Dei skal bygge ein ny gapahuk med grillstad, samt etablere ein naturleikeplass i skogen for barn, unge og vaksen i lokalmiljøet.
Ågnegjerde Velforening på Vigra.
Ågnegjerde Velforening skal bygge ein møteplass som kan bidra til å kunne samle, engasjere og inkludere nærmiljøet rundt. Dei skal utforme gapahuken slik at den har plass til minst ei skuleklasse. Målet er å etablere ein felles samlingsplass som gir ly, inviterer til eit mangfald av aktivitetar og er ein naturleg stoppeplass for aktivitet, matlaging og undervisning.