Har din klubb interesse for jakt av småvilt eller storvilt? Kanskje har de tilgang til fiske eller skogar spekka av bær og andre skattar?

4H Møre og Romsdal ønskjer at klubbane skal få moglegheit til å formidle kunnskap om naturen gjennom aktiv deltaking og samtale rundt leirbålet.

Vi ønskjer at villmarkshelga skal gi ungdom mogelegheita til å lære meir om lokale ressursar og sankingsmetodar i dykkar nærmiljø.

Høyres dette ut som noko din klubb kunne tenke seg å gjennomføre? Så søk da vell!

For å søke sender du ein e-post der du svarer på dette:

  • Korleis kan villmarkshelga sjå ut i din klubb?
  • 4H Møre og Romsdal arbeider for inkludering. Korleis kan din klubb bruke denne helga til å inkludere ungdom?
  • Korleis har de tenkt å legge til rette for at helga skal gjennomførast? Vi treng å vite dette for å vere sikre på at midlane ikkje går til spille.

Kriteria

  • Søknadsfrist: 14.08.2022
  • Aktiviteten må gjennomførast innan utgangen av oktober 2022.
  • Aktiviteten bør ha ei overnatting, og gå over to dagar.
  • Klubben må sende inn fem bildete, og ei A4 side som fortel om helga.
  • Bildete og tekst kan bli brukt av 4H Møre og Romsdal.
  • Klubben må dokumentere billag og rekneskap.
  • Midlane blir utbetalt når arrangement er gjennomført, og kriteria er oppfylt.

 

Send inn din søknad til moreogromsdal@4h.no.
Vi tar kontakt med utvalgte så snart som råd.