![](https://4h.no/getfile.php/131956930-1693205226/4H%20Norge/Bilder/Arrangement/Landsleir%202024/Landsleir%202024_%20Foto%20Fjord%20Norge_Kristian%20J%C3%B8ndal.jpg%20%28content%29.jpg)
Lyst til å vere vaksenleiar på leir? Frå fylket vårt deltar om lag 60 medlemmer i alderen 14-26 år deltar kvart år på Landsleir eller Nordisk leir.
Fylket organiserer felles transport til/frå leiren og rekrutterer vaksenleiarar. Hovudleiar er på toppen, mens resten av leiargruppa er kontakt for 15 deltakarar kvar. Eventuelle medfølgarar av deltakarar med ekstra behov kjem i tillegg.
Med grunnlag i registreringsskjemaet under, set fylkesstyret saman den beste leiargruppa. Du vil få tilbakemelding frå 4H-kontoret så snart avgjersla er tatt. Etter dette får du eventuelt melding om å fylle ut påmeldingsskjemaet til landsleiren.
Frist for å melde interesse for å ver vaksenleiar er 12. mars.
Som vaksenleiar er det sjølvsagt fylket som betaler både leir og transport.