Fredag blei brukt til å verte betre kjent enn vi allereie var, brettspel og anna sosialt. Laurdag var det tidlig opp for morgonaktivitet ute. Agentane fekk prøve seg på å leie leikar, forklaring og gjennomføring - eit viktig middel som trivselsagent. Vidare utover dagen var det gjennomgang av prosjektet, case som  “Lag ein leik”, repetisjon og planlegging av resten av 4H-året. Trivselsagentane blir å sjå både på fylkesleir og storkurs!

Utover kvelden var det enda meir leik, morro og sosialt, før vi søndag vaska oss ut av hytta. 

Takk for ei kjekk samling!

 

Lurer du på kva ein trivselsagent er?

Ein trivselsagent sin hovudoppgåve er å spreie trivsel i klubbane sine og også i fylket. Trivsel er eit stort omgrep, men det kan kort definerast som noko som gjer ein glad eller lukkeleg. Trivselsagentane skal med andre ord vere ein faktor i det at 4H- medlema har det kjekt på klubbaktivitet, storkurs, SAS-en, fylkesleir og alt anna kjekt 4H-fylket finn på i løpet av året.

 

Høyrest dette ut som noko for deg? Då burde du verte trivselsagent neste år!