Moro frå tidleg morgon til seine kvelden. Fylkesleiren på Åheim vart ein stor suksess.
Om lag 250 deltakarar frå 26 4H klubber Møre og Romsdal var samla til fylkesleir på Åheim sist helg. Den lokale 4H klubben Elvablikk 4H sto i spissen for arrangementet, i samarbeid med fylkeslaget. Dei gjor ein fantastisk jobb, og alle som var der var einige om att dette var eit topp leir.
På leiren deltok barn frå 10 år og oppover, der dei fekk oppleve korleis det var å bu i telt, vere saman med andre 4H-arar og ha det moro frå tidleg morgon til seine kvelden.
Aktivitetar og tevlingar
Laurdag var det aktivitetsdag og her fekk deltakarane var med på alt ifrå surfing, skyting, hest, kajakkpadling, steinsliping, måling, brannsløkking, klatring og volleyball. Nokre var på besøk til Hjortefarmen på Nave, og andre reiste til Selja kloster. Dei som heilt klart hadde den tøffaste returen, var gjengen som var på brannstasjonen på Fiskå. Dei vart køyrt heim i to brannbilar.
Sjå bilete frå dei andre kursa og aktivitetar iløpet av helga i biletgalleriet nederst.
Søndag, var det ulike aktivitetar og tevlingsdag. Sidan volleyball er nasjonalsporten til 4H, måtte dette sjølvsagt tevlast i. Her er det to klasser aspirantar i alderen 10–11 år, og junior/senior i klassen 12-19år.
I den eldste klassen var det blandalaget Mulerosa som gjekk av med sigeren. Laget består av spelarar frå klubben Mulevika 4H frå Kvalsvika og Fjellrosa 4H frå Hellesylt.
I volleyballturneringa for aspirantar var det laget Boys som gjekk av med sigeren, desse høyrer til Elvablikk 4H. Stas å vinne på heimebane.
Ei anna viktig tevling på fylkesleir er tautrekking, og i år som i fjor var det Ruggå 4H frå Valldal som vart det sterkaste klubben – så resten må legge seg i hardtrening for å hamle opp med dei neste år.
Fantetog
Årets leir hadde temaet fantetog og både teltleiren og deltakarane var flott pynta, og på søndagsskvelden var det eit mylder av menneske som gjekk i tog. Etter fantetoget var det jonsokbål på Klungreholmen. Leirdeltakarar og bygdefolket kosa seg ilag..
Over ser de eit fellesbilete av gjengen frå arrangørklubben etter fantetoet, Elvablikk 4H.
Ungane og ungdommane som deltok fekk mange positive opplevingar, og møte nye og gamle 4H-venner.
Sponsorar
Lokale sponsorar har stilt opp og støtta arrangementet, TUSEN TAKK til kvar og ein!!