Dei to siste vekene har 4H Møre og Romsdal gjennomført 4 regionsamlingar i fylket vårt, sjå alle bileta nederst for eit glimt frå alle samlingane. 

  • Vågbø 4H i Tingvoll 
  • Vårsol 4H i Eresfjorden 
  • Fjellrosa 4H på Hellesylt 
  • Mulevika 4H i Kvalsvika

Regionsamling er eit  arrangement lokalt rundt i fylket slik at naboklubbar og klubbar nær kvarandre kan treffest. Dei arrangerast av 4H Møre og Romsdal i regi av fylkesstyret og tilsette, saman med den lokale klubben vi er så heldige å få besøk. 

Det er alltid kjekt å same mange 4H-arar, klubbrådgjevarar og andre vaksne. Då er det viktig å nytte anledninga til å bli kjent med kvarandre, kanskje kan det vokse samarbeid og inspirere til at naboklubbar besøker kvarandre. 

Aktiviteten på årets regionsamling var potetstempel og røskebrød. Oppskrift og framgangsmåte kjem under, den ligg og i pdf øverts til høgre på denne sida.

 

Potetstempel

Røskebrød

Biletdryss frå regionsamlingar

 

 

Potetstempel 

Potetstempel er ein kjekk og kreativ aktivitete som passar for alle aldrar. 
 

For å gjennomføre aktiviteten treng du/de:
  • Kniv, spikke- eller fruktkniv (enklast med litt tynt blad)
  • Poteter. Tips: del dei både på tvers og på langs, slik at det er mogleg å nytte større kakeformer og.  
  • Kakeformer (peparkakeformer)
  • Skjerefjøl
  • Maling: Akryl og tekstilmåling
  • Pappfat/skåler til å ha måling på.
  • Teikneark eller tekstil/kle
  • Svampar eller penslar. Tips: kjøp ein stor og klipp den opp i mindre svampar.
  • Gamle aviser til å ha under når ein målar og held på med måling.
  • Tørkepapir, sett fram lett tilgjengeleg
  • Stad å vaske fingrar. Er du ute kan det vere lurt med ei bøtte med vatn til vask av fingrar.
Framgangsmåte:
  1. Leit fram / sett fram det som trengs.
  2. Vask og tørk ei potet.
  3. Kutt poteta midt på kortsida eller på langsida, avhengig av storleik på kakeforma. Hugs at du/de må kutte vekk frå deg sjølv og andre.
  4. Trykk ned kakeforma i poteta eller teikn det motivet du vil ha som stempel på poteta.
  5. Skjær ut motivet. Skjær om lag ein tommel ned frå sjølve stempelet til resten av poteta.
  6. Tørk poteta på nytt for å få vekk vatn som kjem ut.
  7. Ta ynskja måling med pensel eller svamp frå pappfatet. Viktig med eit tynt lag.
  8. Trykk så motivet ditt på eit ark eller ynska tøystykke. Ved trykk på tøy ha noko mellom laga med tøy om du til dømes trykkjer på ei t-skjorte.
Korleis lage 4H kløveren
  1. Finn eit hjarte med rette kantar , til dømes ❤️ , bruk den kakeforma eller mønsteret når du skjer ut stempel i poteta.
  2. Skjær to rette strekar vertikalt på høgre side, to rette strekar horisontalt midt på, også to vertikale strekar til venstre, slik at det blir ein tjukk H
  3. Pirk ut innhaldet av H'en
  4. Bruk trykket i fire retningar (som x) for å få 4H logo
Korleis lage sopp med prikkar
  1.  Bruk kakeform som ser ut som ein sopp eller teikn ein sopp i poteta.
  2. Trykk ned og skjer ut forma.
  3. Bruk kniv og skjer ut prikkane og eventuelle strekar i forma, alt etter som du ynskjer.

 

Dette er høgtrykk. Det vil sei at det er det som ikkje er skjert ut som blir synleg, overflaten som gir avtrykk. Her er det særs viktig med eit tynt lag maling, da dette kan legge seg for mykje måling i holrommet (enten prikkane i soppen eller H’en i hjarte).

Røskebrød 

Røskebrød er ein matrett som er enkel og kjekk og lag til mange på eit bål eller i ei grue. Som eit 4H-medlem sa på den eine samling "det var ein lur måte å lage ostesmørbrød til mange". 

For å lage røskebrød, treng du/de
  • Brødkniv
  • Skjerefjøl
  • Kjekt å bruke eingangshanskar når ein lagar til brøda.
  • Matvarer, sjå oppskrift under

Oppskrift
  • 2 brød.
  • 1-2 pk. raspa ost.
  • 1 pk. skinke til det eine brødet, og ein pk. pepperoni til det andre brødet.
  • 1 flaske olivenolje.
  • 1 par klyper flaksalt.
  • 1 pk. kvitløkspepper.
  • 1 pk. alu.folie.
Framgangsmåte:
  1. Skjer brødet i skiver, men unngå å skjere heilt igjennom. La det henge saman i botn.
  2. Legg i rikeleg med ost og pålegg i mellom skivene. Prøv å få mest mogleg av osten mellom skivene, då er det mindre som smeltar fast i folien.
  3. Hell litt olivenolje på toppen av brødet, krydre med litt flaksalt og kvitløkspepper.
  4. Smør folien med olje, alt som kjem i kontakt med brødet slik at det ikkje sett seg fast. Pakk brødet inn i ein stor bit med alu.folie, ta gjerne ei ekstra lag med alu.folie rundt brødet.
  5. Steik brødet ved å la det ligge i bålglørne i ca. 10-15 min eller på rist over glørne i 20-30min.
    Snu brødet undervegs i steiketida. Viktig å ha noko
  6. Server brødet. Tips: del av to skiver (pass på at pålegget blir fordelt), del så skivene på langs til ein sandwich.
Håpar mange blir inspirert til å prøve dette heime eller i eigen klubb, anbefalast varmt. 
Fylkesstyre og tilsette vil takka alle som deltok på samlingane og ein spesiel takk til alle klubbane vi fekk lov å besøke. 
 

Biletdryss frå regionsamlingane