Frå og med 2023 tilbyr fylkeslaget utlån av taubruer til klubbane. Med støtte frå LNU - organisasjonsboost har fylkesstyret gått til innkjøp av 14 taubruer. 

Taubruene kjem i byggesett med oppskrift slik at klubben sjølv kan bygge sin eigen klatrepark. Dette er ein aktivitet som passar for alle aldrar og grad av utfrodrning kan tilpassast ulike grupper. 

Taubruene er kjøpt hjå Sunnmøte Friluftsråd. Vil du lese meir om taubruene klikk her. 

Lån av taubruene er heilt gratis. Utlevering må avtalast med fylkeskontoret. Fylket dekkjer ikkje porto ved sending.