-Vi er svært glade for å kunne presentere Karianne Ellefsen Skotte som ny prosjektleiar, seier regionkoordinator Synnøve Jørgensen. Dette betyr at vi allereie om kort tid kan lyse ut ny konkurranse i Draumeplassen Møre og Romsdal.
Karianne presenterer seg sjølv:
Hei ?
Eg heiter Karianne Ellefsen Skotte, og den 01.10.20 tredde eg inn i stillinga til Britt-Ingunn Walle, som prosjektansvarleg for “Draumeplassen” og “Fritt fram i friluftsliv” i Møre og Romsdal.
Eg er oppvaksen på ein gard i Sykkylven på Sunnmøre, og flytta tilbake dit etter å ha fullført landbruksutdanninga mi i Steinkjer. Eg har stor interesse for friluftsliv, dette gjer at eg ofte er å finne på hytta, i teltet eller ein plass i naturen til fots eller på hest.
Dei siste åra har eg arbeidd ved ein barneskule, der eg har hatt stor glede av å arbeide med emne i uteskule, naturfag og programmering. Dei siste åra har eg også bidratt i ulike arrangement, prosjekt og oppdrag gjennom mine verv i DNT, linjeforening for hudsdyrinteresserte, turn og Bondelaget.
Eg gler meg no til å ta fatt på prosjektarbeidet i 4H, bli kjent med dykk og høyre meir om dykkar tankar og visjonar.