H er ein av dei største barne og ungdomsorganisasjonane i landet, med til saman 11 000 medlemmer og 500 klubbar i heile landet. «Målet vårt er å skape aktive og samfunnsengasjerte ungdomar med ansvarskjensle og respekt for natur og menneske. Gjennom sosiale og lærerike aktivitetar, framsnakkar vi naturen, landbruket og lokalmiljøet. Vi ynskjer å gi barn og ungdom ein arena som er sosial, trygg og lærerikt, med rom for alle som ynskjer å vere med.» fortel Bjørkedal. 

 
I Møre og Romsdal har 4H det siste året fått både fleire medlemmar og ein ny klubb. På årsmøtet i helga blei det vedtatt ein ambisiøs handlingsplan for dei to neste åra. «Det er kjekt å sjå at medlemmane våre engasjera seg, deltek og er med på å bestemme kva vi i 4H Møre og Romsdal skal arbeide med fram over. Eg gler meg til å setje i gong med planane, til å blant anna få på plass ei synleggjeringsgruppe og lage ein aktivitetspakke til klubbane våre», seier Bjørkedal. 

Fylkesstyret for året 2023 består av: 

Leiar: Ragnhild S. Bjørkedal  

Styremedlem : Hans Ole Hatle  

Styremedlem: Ida Kanutte Risvik        

Styremedlem: Silje Stadheim                                     

Styremedlem:     Andreas Skomsø   

1. vara: Ingvild Aasen Grimstad   

2. vara: Hanne Mette Hatle  

3. vara: Malene Hoem