
Mange 4H-arar har overnatta ute og hatt kjekke aktivitetar! Det er veldig kjekt å sjå at det har vor leir aktivitet ute hjå klubbane denne sommaren.
Når fylkesleiren måtte avlysast er det veldig bra at mange klubbar har arrangerte lokale «minileirar». Somme hadde det berre for klubben, og andre inviterte naboklubben. Kjekt var det uansett.
Det har vor mange ulike aktivitetar, nokon har hatt klatring, kanopadling og gardsbesøk. Andre har besøkt kystmuseum, spelt volleyball og overnatta i hengekøye. Bading, sosiale leikar og god mat har sjølvsagt og stått på programmet. Og ikkje minst - å få ver ilag!
Fylkesstyre utlyste konkurranse, for å ver med måtte ein sende inn nokre bilete og litt tekst frå klubben sin leir.
Vinnarane som får kr. 500,- til noko sosialt i klubben er:
-
Straumen 4H
-
Ruggå 4H
-
Kveldssol 4H
-
Myrvåg 4H