Vår kjære prosjektleiar for Draumeplassen og Fritt fram i friluft, har fått andre spennande moglegheiter. Vi er derfor på jakt etter ny prosjektleiar som kan arbeide hos oss 50% i minst to år.
4H Norge avdeling Møre og Romsdal har ledig stilling:
Prosjektleiar for «Draumeplassen» og friluftsliv (50%)
50% stilling ledig som prosjektleiar.
Arbeidsstad hos 4H Møre og Romsdal i Sykkylven. Oppstart snarast.
Draumeplassen er eit prosjekt i 4H Møre og Romsdal der vi lyser ut ein konkurranse der lokalsamfunn i fylket kan vinne pengar og rettleiing til å skape opne møteplassar i naturen. På denne måten vil vi heve det kortreiste friluftslivet, få fleire til å bli aktive i friluft og skape auka glede og kunnskap om naturen. Prosjektleiar vil også ha ansvar for oppfølging av prosjektet «Fritt fram i friluft».
Viktige arbeidsoppgåver i prosjektet:
- Administrere Draumeplassen-konkurransen, besøke og yte prosjekthjelp til søkarane.
- Informasjonsarbeid og marknadsføring.
- Utvikle verktøy for å få fleire aktive i friluft og for utvikling av naturmøteplassar.
- Opplæring av barn, ungdom og vaksne i friluftsaktivitetar gjennom lokale og regionale kurs.
- Jobbe med å starte opp nye 4H-klubbar i Møre og Romsdal.
- Prosjektleiing, søknadsarbeid og rapportering.
Vi søkjer deg som har:
- Pågangsmot og er resultatorientert.
- Gode formidlingsevner, skriftleg og munnleg.
- Gode samarbeidsevner, men kan arbeide sjølvstendig og strukturert.
- Kunnskap om prosjektorganisering.
- Kunnskap eller erfaring frå frivillig arbeid og/eller friluftsliv.
Løn etter avtale.
Politiattest må leggjast fram før tilsetjing.
Arbeidsstaden for stillinga er hos 4H Møre og Romsdal i Sykkylven. For stillinga inngår gode pensjons- og forsikringsordningar. Fleksibel arbeidstid. Ein må rekne med noko reiseverksemd, samt kvelds- og helgearbeid. Ein må ha førarkort klasse B. Arbeidsgjevar er 4H Norge med regionkoordinator for Vestlandet som nærmaste overordna.
Kontaktperson for stillinga:
Synnøve Jørgensen, regionkoordinator for 4H på Vestlandet: Tlf. 960 96 773
Søknad og CV sender ein på e-post til synnove.jorgensen@4h.no innan 31. august 2020.