Til saman 35 klubbar og nesten 600 4H-arar står igjen klare for fest rundt om i fylket vårt. På festen skal dei feire seg sjølv, og vise fram 4H-arbeidet og alt dei har lært gjennom året.
-Vi er superstolt over klubbane våre! Dei har på trass av koronaviruset klart å endre planane sine, finne nye måtar å drive 4H-aktivitet på og ikkje minst hatt kontakten med kvarandre. Korona-situasjonen er utfordrande for oss som fylkeslag og for klubbane lokalt, fortel Berit Fredriksen, leiar i 4H Møre og Romsdal.
Styrer sjølv
Barn og ungdom heilt ned i 10 år, får i 4H ansvar som styreleiar, kasserar, styremedlem, arrangør, osb. Dei vaksne lager gode rammer, stiller rettleiande spørsmål og får dei unge til å reflektere. 4H står for klart Hovud, varmt Hjarte, flinke Hender og god Helse.
-Til vanleg er haustfesten gjerne eit ope arrangement der nærmiljøet er invitert til mat, utdeling av 4H-merker, basar og underhalding. I år har alle tenkt nytt. ROS-analyser og smittevernsjekklister er tatt i bruk. Viktige diskusjonar er tatt. Mottoet er som alltid «å lære ved å gjere». Klubbstyra har no planlagt flotte haustfestar utomhus, innomhus eller begge deler. Vi gler oss! smiler, Berit.
Om 4H
4H er ein landsomfattande, ideell barne- og ungdomsorganisasjon som er livssynsnøytral og partipolitisk uavhengig. Grunnlaget for arbeidet ligg i naturbruksnæringane og lokalmiljøet. Dei praktiske ferdigheitane står sentralt, og under mottoet «Å lære ved å gjere» ønsker 4H og gje medlemmane kompetanse til å leie seg sjølv og andre barn og unge.