I tradisjonens tru starta vi helga med opningstale frå Fylkesstyret, Hans Ole, og Klurtolla 4H, arrangør, etterfølgt av taco til middag og «bli kjent» - leikar. Leiken «mordar» gjekk føre seg gjennom heile helga og blei til å ta og føle på for fleire.

Laurdagen var det tid for aktivitetar, Klatring i Moldeveggen med instruktør, Skyting med Kleive skyttarlag, Førstehjelpskurs ved gamma til Klurtolla og Volleyball med Rival Volleyballklubb. Til stor begeistring for deltakarane blei det servert pizza til middag. På kvelden blei det satt på film på storskjerm og mogelegheit for å lage seg s'mores. Kleivehallen var også open for aktivitet for den som ynskja det. 

Søndag stod Kleivespranget, natursti/rebus, for tur. Her var det 10 oppgåve og 6 aktivitetar deltakarane skulle igjennom. Det laget med flest poeng blei premiert.

I gjennom helga var det fokus på at deltakrane skulle få tid til å vere i lag utan arrangert aktivitet, noko som deltakarane satt stor pris på. Det blei også utdelt blomar og æresdiplom til Jonny og June Fostervold for sin innsats som frivillig i 4H Møre og Romsdal.

Ein stor takk til bilde og interesserte deltakarar, til Kurtolla 4H som arrangør, til vaksenleiarar og frivillige som stod på for at alle skulle ha det bra, og takk til alle kursinstruktørar for kjekke og opplevingsrike kurs.