
Vi har fått to fine og flotte nyutdanna instruktøra! Har du lyst å bli kursinstruktør? Les meir om dei som er nyutdanna eller om kven og korleis du kan bli instruktør.
I helga har Emilie Jeannine Morseth-Fraser og Solveig Aasen Grimstad gjennomført del 3 av instruktørutdanninga til 4H Norge på Gardermoen. Fylkesstyret gratulerer så mykje med gjennomført utdanning og ønsker velkommen som instruktør i Møre og Romsdal 4H.
Litt om instruktørutdanninga:
Instruktørutdanninga er eit tredelt utdanningsløp der medlem får opplæring i korleis være instruktør for styrevervsopplæring i eige fylke.
Opplæringa byrjar med ei helg i november der ein får opplæring i rolla som instruktør med fordjuping i eit styreverv eller friluftsliv. Del to er hospitering som med-instruktør på styrevervskurset under superhelga i fylket. Utdanninga avsluttast med ei kurshelg i mars der det vert litt fagleg påfyll og stort fokus på erfaringsutveksling og korleis det gjekk ved hospitering på kurs i fylket.
For å bli instruktør må du fylle 16 år i år. Fylkesstyret betalar for utdanninga mot at instruktørane bind seg til å gjennomføre minst to kurs i eige fylke i løpet av ei femårsperiode.
Kunne du tenke deg å bli styrevervsinstruktør for Møre og Romsdal 4H? Ta kontakt med fylkesstyret ved Hanne Mette Hatle eller Marlene Hoem.