14 stykk var samla på Fjellsætra i Sykkylven til inspirasjonsamling i vakre omgjevnadar. 

Heldige var vi og fekk besøk av Jean Philip, rådgjevar friluftsliv i 4H Norge. Han var saman med oss heile helga. 

Han snakka med oss om og viste oss kor viktig det er med positiv psykisk helse. 

Minifordrag

Jean Philip hadde også med gjengen ut og hadde ein kjekk og artig friluftsaktivitet, skattejakt. Ein aktivitet som vekka konkurranseinnstinkt hjå mange og gav mykje latter, kreativitet og glede for alle. Også ein aktivitet som gav mange bilder, bla gjennom bildegallerie nederst på sida og sjå kva spennande og kjekt vi gjord på . 

 

Laurdag kom Stranda Røde Kors på besøk for å ha fystehjelpskurs med oss. Vi lærte mykje, fekk snakka mykje om erfaringar og stille spørsmål. Og ikkje minst så fekk vi øve og teste ut i praksis, alt frå hjertelungeredning, få fremmedlegeme ut av halsen på andre og bandasjering av sår. 

Røde Kors - Fystehjelpskurs

 

Det var viktig for fylkesstyre å gjere stas på klubbrådgjevarane så dei svalt ikkje, og det var laga god mat med mykje omtanke. 

Og vi var så heldige at vi fekk mykje spons: 

  • Grandiosa & Big One frå Stabburet 
  • Laks, torsk, røykalaks og pepparlaks frå Norsk Sjømat 
  • Spekemat frå Grillstad 

 

Synst du det såg kjekt ut, meld deg på og bli med oss neste gang. 

Aktivitetane og oppskrift for mat på bål blir snart tilgjengleg i inspirasjonbanken vår.