Til deg som er påmeldt fylkesleir her kjem ein del praktisk informasjon om helga! Vi gler oss og håpar du og gjer det! Ta med alt du treng for helga, latter, smil og glede!
KJÆRE DELTAKAR ELLER LEIAR
Vi har den store glede å fortelle deg om fylkesleiren i Straumsnes 24. til 26. juni! Leiren nærmar seg med stormskritt, leirkomiteen har jobba og lagt til rette for at alt skal gå på skinner desse dagane. Her kjem ein del informasjon om leiren, det praktiske og aktivitetane!
Vidare i saka finn du informasjon om:
- Leirsjef
- 4H-kle
- Betaling
- Vegbeskrivelse
- Program
- Informasjon om aktivitetar
- Pakkeliste
- Lading av elektronikk
- Tema - BYGDA
- Konkurransar/premiering av
- Miljøtorg
- Kiosk
- Volleyballturnering og tautrekking
- Tun
- Mat
- Leirreglar
- Sponsorar - Saman på laget har Grimstadhøgda 4H mange sponsorar
Leirsjef, leirkoordinator og kontaktinformasjon
Årets leirsjef er Olav Tomasson Eikrem. Han er leiar i Grimstadhøgda 4H.
Om de har spørsmål som de ikkje finn svar på i denne e-posten eller invitasjonen, ta kontakt med
- 4H kontoret, tlf 96096783
- Ragnhild S. Bjørkedal, tilsett ansvarleg for leiren tlf. 47640341 e-post: ragnhild.bjorkedal@4h.no
- Leirkoordinator: Borgny Hatlestad Tveekrem tlf. 90791926 e-post: borgny@hatlestad.no
4H-kle
4H-kle kan kjøpast på leirkontoret. Her får du og kjøpt stoffmerke og lada div elektronisk utstyr.
Betaling
I år som i fjor vil vi krevje at alle deltakarar på fylkesleiren har betalt deltakaravgifta i forkant av leiren. Ta med kvittering på betalt faktura (ELLER må betale kontant «i døra».) Medlemskontingenten må og vere betalt, dette er kjempeviktig med tanke på at forsikringa skal ver i orden.
Ei lita presisering, påmeldinga til leiren er bindande, så om nokon vel å melde seg av etter at påmeldingsfristen er gått ut – må leirkontingenten betalast likevel. Dette fordi vi etter den datoen bestilte mat og aktivitetar.
Dei som har bestilt leirmerker, og har betalt desse på fakturaen, får dei utdelt på leirkontoret.
Leiren er i Straumsnes ved Nordmørshallen
For vegbeskrivelse, sjå her;
Med utgangspunkt i Krifast i Gjemnes kommune. Kommer du over Gjemnessundbrua,E39, eller gjennom Krifasttunnellen frå Kristiansund, tar du av mot Sunndalsøra i rundkjøringen. Kjør 13,1 km til du kommer til Øydegardskrysset. Sving til venstre i retning Trondheim og fortsett på E39, kjør 3,6 km til du har Straumsnes skole på venstre side og Nordmørshallen på høyre side. Ta av til høyre, der finner du leirområdet ved Idretts og skytterhuset, Leite og Nordmørshallen.
Kommer du frå Sunndalsøra/Tingvoll tar du av til høgre i Øydegardskrysset og følger vegen i retning Kanestraum/Trondheim 3,6 km til du kommer til leirområdet som beskrevet ovenfor.
Kommer du fra Halsa(Heim kommune, følger du E39 i 5,2 km fra du kjører av ferga på Kanestraum til du kommer fram til leirområdet.
Bruker du GPS, er adressen Straumsnesvegen 353
Program:
Fredag 24. juni
Frå 15.00 Frammøte og leirbygging
19.00 Servering av varmt måltid
20.30 Opning
21.00 Bli-kjent i hallen
22.00 Leiarsamling
22.00 Miljøtorget opnar
24.00 Ro i leiren-aspirantane finn soveposen, fødd i 2010
01.00 Miljøtorget stenger
Laurdag 25. juni
08.00 Vekking & frukost
09.00 Morgonsamling. Flaggheising. Premiering av dagens morgonfugl.
-15.30 Aktivitetsdag
Lunsjpause når det passar
16.00 Middag
Samling for Landsleir deltakarane i Miljøtorget
17.00 Volleyballkampane startar. Andre aktivitetar for dei som ikkje spelar.
19.00 Kveldsmat
20.00 Underhalding
22.00 Leiarsamling
22.00 Miljøtorget opnar
24.00 Ro i leiren-aspirantane finn soveposen, fødd i 2010
03.00 Miljøtorget stenger
Søndag 26. juni
08.00 Vekking & frukost
09.00 Morgonsamling. Flaggheising. Premiering av dagens morgonfugl.
09.30 Volleyball og tautrekking
12.00 Rydding
13.00 Premieutdeling & avslutning
13.30 Middag – Vel heim!
Informasjon om aktivitetar
- Volleyball: Treningskle og gode innesko
- Dans: Ha med innesko eller dans utan sko
- Båt og kystkultur: Ha med redningsvest
- Kajakk: Vassikkerpose til mobil, kamera m.m. kan vere lurt å ha
- Klarting: Må ha med utfylt ansvarserklæring, sjå tilsendt mail eller ta kontakt med 4H-kontoret, ragnhild.bjorkedal@4h.no
Pakkeliste - det er lurt å samordne dette med resten av klubben:
- Alle må ha med INNESKO! Delar av programmet for helga vil skje inne i hall.
- Telt, sovepose og liggeunderlag. Teltleiren ligg på ei grasbane.
- Regnkle, godt fottøy og støvlar
- Lettare kle
- Varme kle
- Badetøy
- Toalettsaker
- Tørrmat - lurt å samarbeide med dei andre i teltet eller klubben
- Tallerken, skpl, bestikk og glass/kopp til middagen
- Matboks og drikkeflaske til lunsj
- Enkelt fystehjelpsutstyr
- Solkrem og myggmiddel
- Ladar til mobil og liknande
- Liten sekk til å ha verdisaker og andre viktige ting i når du er ute i leirområdet eller på aktivitet. Du har sjølv ansvaret for verdisakene dine. Tenk over kva du har med.
- Lommepengar til bruk i kiosken, og miljøtorget. Kiosken har og vipps.
Lading av elektronikk
Det vil bli mogleg å lade mobiltelefonar og liknande trygt og sikkert på leirkontoret mot betaling, ein rimleg pris. Kom, betal, lever mobiltelefon & ladar og kom tilbake å hent når den er full lada.
Tema - BYGDA!
På laurdagskvelden har vi bygdafest!
Leit i skapet og bruk fantasien.
Vi oppfordrar alle til å kle seg ut, store og små. Dersom nokon vil bidra med underhaldning, kan ein gi beskjed om dette under leiarsamling fredagskvelden.
Det blir også kåringar av kostymer i div. kategoriar, og sjølvsagt premiering.
Vi oppfordrar til at de tenker same tema når de planlegg tuna.
Konkurransar/premiering av:
- Tun
- Kostyme
- Volleyballturnering
- Tautrekking
- Natursti
- Morgonfugl (trekning kvar morgon)
Miljøtorg
MORAL 4H, alumnklubben i fylket, stiller tradisjonen tru med Miljøtorg. Det opnar kvar kveld etter at kveldsprogrammet er ferdig og stenger kl. 01.00 på fredag og kl. 03.00 på laurdag. Det skal vere ro i teltleiren kl. 24.00. Da er også besøkstida for aspirantar i miljøtorget over. (Aspirantar er dei som er fødd i 2010 eller seinare).
Kiosk
I kiosken får de kjøpe det de treng av”snop”, frukt. Kaffi blir det mulig å få kjøpt i kiosken, der får de og fylt opp kanner om de ønskjer det. Kiosken har vipps og kontant.
Volleyballturnering og tautrekking:
Volleyball
- Det blir 2 klassar: ei for aspirantar og ei for junior/senior.
- Turneringa forgår inne i hallen ta derfor med innesko
På volleyballturneringa skal det vere 6 stk på kvart lag, det er lov å ha med innbytarar. Det går an å mikse lag mellom fleire klubbar dersom klubben sjølv ikkje har nok spelarar til å danne eit lag. Den miksinga må de ordne sjølv – har de ikkje fullt lag så ta kontakt med dei andre i tunet. Samansette lag skal ha eige namn.
Tautrekking
- Laget sine deltakarar skal til saman ha ein alder på maks 120 år.
(Dvs. f eks 10 stk. på 12år eller 2 stk. på 60 år).
Alderen som teller er den alderen du fyller i år.
Påmeldinga av lag skal skje seinast fredag kl.23.00. Det skal meldast på berre heile lag, med fullt namn og alder på deltakarar. Skjema ligg ved eller de får det på leirkontoret.
Tun (PDF, 78KB)
Det skal vere ro i teltleiren kl. 24.00. Dei som vil sove må få lov til det.
Meir informasjon om tunstørrelse kjem.
TUN 1 | Grimstadhøgda 4H
Skåla 4HVågbø 4H |
---|---|
TUN 2 | Fjellrosa 4H Kråkefot 4H Liljen 4H Regnbuen 4H |
TUN 3 | Elvablikk 4H Fjellflora 4H Freidig 4H Hustavika 4H Lynet 4H Tareholmen 4H Vårsol 4H |
TUN 4 | Fossekallen 4H Lauparen 4H Moral 4H Ruggå 4H Straumen 4H Vårsøg 4H |
TUN 5 | Klurtolla 4H Myrvåg 4H Ørn 4H |
Mat
Tørrmaten (frukost, lunsj og evt kvelds) må de ordne med sjølve. Det er lurt at klubben ordnar det slik at de har felles mat og felles eting. Alle får utdelt mjølk, juice og yoghurt til tørrmåltida.
Det er ikkje kjølekapasitet i leiren, men vi stiller med fryser til fryseelement.
Middagen får vi ferdig tillaga. Alle må ha med kjøreld: eige bestikk, fat, skål og kopp/glas. Leirkomiteen har eit fokus på å ha ein så grøn leir som mogleg og vil derfor legge til rette for bruk av fleirgangs kjøreld. Vil derfor oppfordre alle deltakarane nytte fleirgangs bestikk, fat, skål og kopp/glas. Det er mogleg å hente varmt vatn for å vaske bestikk, fat med meir. Klubben må sjølv ha med såpe, oppvaskkost og noko å vaske opp i. Om det ender opp med å bruke eingongs, så unngå dei dårlegaste papptallerkane – det kan og vere lurt å ha noko som er fast og stødig under tallerkenen.
Der er mogleg å sette seg ned i leirområdet for å inn ta dei ulike måltida, med tribune og meir i området. Om veiret skulle blir skikkeleg gale har vi moglegheit til å trekke inn i hallen for å ete.
Leirreglar (PDF, 73KB)
For at alle skal få ein triveleg leir ber vi deg om å bruke sunn fornuft, ta vare på alle rundt deg, oppføre deg fint og følgje leirreglane.
Leirreglane gjelder alle 4H-arar, 4H-alumnar, leir-leiarar og andre som oppheld seg i leirområdet.
Grove brott på leirreglene medfører heimsending for egen rekning. Bestemminga om heimsending tas av Leirkomiteen.
Vis du har nokon klager, vennlegast fortel dette til leirkontoret eller leiaren din.
Sponsorar - saman på laget har Grimstadhøgda 4H mange sponsorar:
Då gjenstår det berre å ønske dykk hjartleg velkomne!