Ein ivrig og spent gjeng hadde planlagt og førebudd haustfest. Salen fylte seg opp med gjester, og det var sal av kaffi og kaker.

Frå scena fekk vi først sjå eit utdrag av ein musikal dei arbeider med. Etterpå fortalte dei om korleis dei hadde gjennomført prosjektet sitt, via skodespel på scena. Ein veldig bra måte å synleggjere dette på. Til slutt var det konkurranse og merkeutdeling.

Flinke medlemmar og klubbrådgjevarar fekk stor applaus for innsatsen.