
Omlag 120 deltakarar frå 13 4H-klubbar har delteke på Regionsamlingar i veke 34 og 35
Regionsamling er ein kveldsaktivitet som samlar 4H- klubbane i nærområdet. I år var det planlagt 6 samlingar rundt om i fylke, ei av desse måtte avlysast.
Hovudfokuset er kjekke aktivitetar, i år var temaet «Mesternes mester.» Medlemmane blei delt i lag, og fekk mange ulike utfordringar. Eit av fokusområda var kva vekstar i naturen vi kan nytte til mat. Ein anna viktig ting på desse samlingane er at klubbane blir kjent med kvarandre, og at det då kan bli lettare å samarbeide.
Ein populær rett på samlingane var smuldrepai på bål. Enkel å lage og veldig godt. Prøv du og då!!