Det var deltakarar frå 12 klubbar i fylke. Når ein spør dei som var der kva det kjekkaste med helga, var det vanskeleg å sette fingrane på ein ting, då det var kjekt heile helga.

Storkurset er ei samling av mange artige, spennande og lærerike kurs og ei veldig sosial helg. I år var Storkurset på Åheim, i Vanylven kommune. Gjengen som overnatta på Åheim Skule frå fredag til søndag, var kjekke og positive heile helga.

Fredag var det innrykk og bli kjent opplegg.

Neste dag var gjengen delt opp i fem grupper som fekk vere med på ulike aktivitetar. Ein gjeng var på tur til Hjortefarmen på Nave, der dei fekk helse på hjorten på nært hald og delta i aktivitetar både på land og vatn. Det var kult å helse på eit så majestetisk dyr på nært hald, samt vere med å drage garn og sløye fisk.

Nokre kunstnariske skjeler fekk innføring i ulike male og teikne  teknikkar av ein flink, lokal kunstnar. Dei vaksne på staden måtte sjå innom titt og ofte for å sjå om dei verkeleg var der, men såg kvar gong ein ivrig og konsentrert gjeng som produserte flotte bilete.

Åheim som er mest kjent for Olivinbedrifta Sibelco, hadde også steinsliping på agendaen. Her fekk dei prøve seg på steinsliping av forskjellige steinartar som smykkestein. Dei fekk besøke Steinsenteret og lære mykje meir om geologien rundt dette. Om du ikkje var steingal før dette, blei du det i allefall no.

Vanylven klatre- og kajakk klubb stilte med ein flink og tolmodig klatre-instruktør som lærte frå seg noko til både erfarne og nybegynnarar i feltet. Det var ein sliten, men engasjert gjeng som hadde hatt det kjempe kjekt på klatrekurs. Dei fekk prøve seg på både klatring og sikring av kvarandre i klatreveggen i Olivinhallen på Åheim.

Vanylven klatre- og kajakk klubb stilte også med to instruktørar til kajakk kurset. Her fekk ein lære å handtere kajakken, korleis ein skal opptre når en ruller rundt og korleis ein skal redde seg sjølv og andre. Ei nyttig og kjekke økt.

På kvelden var det duka for underhaldning og quiz. Stemninga var til å ta og føle på, og gjengen var strålande fornøgd.

Kurset blei avslutta søndagen med valet om å delta på bygda-rundt natursti, eller tur til for å leite etter olivinsteinar. Det var ein energisk, og spent gjeng som kom attende med mange flotte steinar i lomma.

Ein kan med handa på hjartet seie at denne helga har gitt mange inntrykk for ungdommar og vaksne. Det har vore i rikt mon av opplevingar, og bidratt i vegen mot å skape ungdom med «klart hovud, varmt hjarte, flinke hender og god helse». Takk til ungdommane som var med å gjere denne helga så bra som den blei, og arrangørane og frivillige som har stått på for å gjere alt klart til innrykk.