Fylkesleiren er eit stort høgdepunkt i året for fleire hundre 4H-arar i fylket, og etter 2 år utan leir var det eit viktig for veldig mange å få ta turen. Om lag 230 deltakarar frå rundt om i heile fylket hadde teke turen til Leite og Nordmørshallen i Straumsnes.

 

På leiren deltok 4H-arar frå 10 år og oppover, dei fekk oppleve korleis det var å bu i telt, vere saman med andre 4H-arar og ha det moro frå tidleg morgon til seine kvelden.

 

Laurdag var aktivitetsdag, aktivitetane som sto på programmet var blant anna kajakk med Kajakkompaniet i Tingvollvågen, kunstverkstad saman med Tingvoll kulturskule eller besøk ved Tingvoll museum der deltakarane blant anna fekk prøve å smi. Medan andre deltok på bordtennis, golf på Øydegard, fjelltur til Fløystadfjellet, friluftsliv & mat på bål, skyting med Aspøy og Straumsnes SKL, segling med Utrorslaget, klatring i hall, dans, og sjølvsagt volleyball.

 

Volleyball er nasjonalsporten til 4H, og derfor noko vi driv mykje med på leir. Det var tevling i volleyball både for aspirantar, 10-11 år, og for junior/senior klassen, 12-19år. Hard og jamn dragkamp var det også i tautrekkingskonkurransa, alle klubbane på leiren stilte med lag.

 

Volleyballturnering - Aspirantar 

  1. Klutrolla aspiranter 
  2. Bobbo (Grimstadhøgda 4H) 
  3. Hustadvika kommune (Hustadvika 4H, Lynet 4H, Regnbuen 4H og Ørn 4H)

Volleyballturnering - Junior/Senior 

  1. Smil (Grimstadhøgda 4H + Fjellrosa 4H) 
  2. Vår Regn Høgda (Grimstadhøgda 4H, Regnbuen 4H og Vågbø 4H )
  3. 3. gode naboer (Elvablikk 4H, Fjellflora 4H og Freidig 4H) 

Tautrekking 

  1. Fjellrosa 4H 
  2. 3. gode naboer (Elvablikk 4H, Fjellflora 4H og Freidig 4H) 
  3. Ruggå 4H

Ungane og ungdommane som deltok fekk mange positive opplevingar, kjenne på meistring og møter nye og gamle 4H-venner.