Torsdag 28. mai 2020 møtte 16 medemmar og 8 vaksne opp til kortkurs i Muldalsvika ved Tafjorden.

Dessert på bål og kanopadling sto på programmet. Det var sol frå ein skyfri himmel, og gode padleforhold på fjorden. Til å starte med var sjokoladekake på bål svært spennande, men når kanoane kom på fjorden blei dette raskt ein hovudaktivitet. Alle borna fekk kvar sin tur ut på fjorden, og meistra kanoane godt. Tre eldre gutar var spesielt engasjert, og plukka ein heil søppelsekk med rusk på si ferd på fjorden.

Kurset var ein suksess både for store og små, og spesielt var det kjekt for medlemmane å endeleg treffast igjen.