I går mottok vi tilsegn frå Fylkeskommunen om tilskot til vidareføring av prosjektet «Fritt Fram i Friluft» året 2020-2021
Dette betyr at vi kan fortsette å tilby lokale klubbar og fylket aktivitetar og kurs innan friluftsaktivitetar året 2020-2021.
Prosjektleiar Britt Walle ser svært positiv på dette då fleire aktivitetar har blitt avlyst denne våren grunna Covid-19. «Eg synest det er svært motiverande å få være ein del av å auke friluftsglede og meistring, og det er ein stor opptur å sjå fram til å kunne få fortsette med dette i året som kjem. Eg håpar og trur fleire har fått kjenne på viktigheita av å nyte naturen i den tida vi er inne i no».
I tillegg har vi motteke finansiering til å arrangere «Jakthelg for ungdom». Meir informasjon om friluftsaktivitetar vil bli oppdatert på våre heimeside og Facebook.