Tradisjon tru vart det også i år arrangert Senior- og AlumnSamling første helga i påskeferien. 22.-24. mars møttest 28 deltakarar og tre leiarar på BUL-hytta for å ha ei kjekk og lærerik helg saman, med mykje brettspel, leik og moro.   

Helga starta med taco og bli kjent leikar på fredagskvelden og det vart raskt god stemning. Mykje av kvelden gjekk med til å leike psykolog, som var ein ukjent leik for mange. 

På laurdag var det leigd inn instruktør frå Romsdal Logde, som hadde eit fantastisk skredkurs for oss. Her fekk vi blant anna bli kjent med utstyr som er lurt å ha med seg på tur, testa kor raskt det gjekk ann å sette saman ei søkestang og korleis ein brukar Varsom appen. Så var det tid for å dele oss inn i grupper der alle fekk prøve å søke med skredsøkar, lære korleis bruke søkestanga og korleis grave når ein har fått funn. Det var også bygging av snøbolig, til å bruke som nødly. Etter å ha grilla toast på bål og tatt ein velfortent lunsjpause var det klart for EKSAMEN, der alle fekk sette saman det dei hadde lært gjennom dagen i eit faktisk søk.  

Etter ein lang dag ute var det endeleg klart for middag. Når middagen var fortært og alle hadde fått kvilt seg og fått opp igjen energinivået vart det arrangert «Mesternes Mester» og ein runde med quiz. Kvelden fortsette med bursdagskake, sang, dans, leikar og brett- og kortspel ut i dei seine nattetimar. 

Søndagen bestod for det meste av pakking og vasking, og klargjering for heimreise. Deltakarane fekk også eit kort foredrag om kva moglegheiter dei har i 4H etter dei er fylt 16 år. Her fekk vi ei videohelsing frå Elizabeth, som var på IFYE-utveksling med 4H Møre og Romsdal i 2023 frå USA.  

 

Det har vore ei fantastisk helg med supre deltakarar!