Har du, eller nokon du kjenner ein ide til utforming av ein draumeplass i din nær-natur? Ynskjer din klubb, eller lag å vinne 100 000 kr og prosjekthjelp til å finansiere draumeplassen?
4H Møre og Romsdal opner i dag konkurransen for å vinne midlar og prosjekthjelp til å realisere dykkar draumeplass.
Draumeplassen har som visjon å skape eit prosjekt der barn, unge og voksne kan arbeide i lag dei neste to åra, for å skape ein naturmøreplass i dykkar nær-natur. Prosjektperioden er den viktige arenaen, der inkludering, læring og mestringsfølelse er sentral.
For å være med i draumeplassen-konkurransen må søkjarane igjennom to ulike fasar, før dei 5 vinnarane i Møre og Romsdal blir trekt i mai 2021.
- Fase 1: "Søknadsfasen" (søknadsfrist 29.01.2021)
Visjon, ide, bærekraft og barns kreativitet er sentral her.
Jury vel ut 10 stk som går vidare til fase 2.
- Fase 2: "Praktisk gjennomføringsevne" (søknadsfrist april 2021)
Prosjektplan, budsjett, grunneigaravtale m.m er sentral her.
Jury vel ut 5 stk som vinn draumeplassen-konkurransen.
Erfaringane viser at dette er ein konkurranse som mobiliserer lokalmiljøa og resulterer i spennande lokale prosjekt. Om dette er noko du synest høyres spennandes ut, gå inn på naturmoteplass.no/drmmeplassen for å finne meir informasjon om konkurransen i Møre og Romsdal.
Oppfordrer ALLE med ein draum om å bygge ein open naturmøteplass til å søke!
Karianne Ellefsen Skotte
Prosjektleiar for «Draumeplassen» og «Fritt fram i Friluft» i Møre og Romsdal
E-post: karianne.skotte@4h.no