Ei heilt annleis superhelg, med digital styrevervsopplæring og digitalt årsmøte. Men for ein super gjeng, på begge sider – som takla dette strålande fint.
Laurdag 13. februar gjennomførte 4H Møre og Romsdals Digitale styrevervskurs.
Ein stor takk til alle deltakarar, klubbrådgjevarar og foreldre som stilte opp, slik at denne kursdagen ble gjennomført på ein god måte. Læringskurva er bratt, men konklusjonen er at dette gjekk fint.
Den største takken går til instruktørane og kursadminstrator. Det er ikkje like lett å få aktivitet når undervisninga er gjennom ein skjerm. Men med kreativ planlegging, gode aktivitetar, deling i grupperom osv klarte våre flinke instruktørar å halde engasjementet heile dagen.
TUSEN TAKK!!
Leiar/nestleiarkurs: Hans Ole Hatle og Marita Nauste Hamre
Kasserarkurs: Sigrun Sjømæling og Ida Bjørnevik
Sekretærkurs: Sofie Hamre og Hege Einset
Styremedlemskurs: Ragnhild Bjørkedal og Hanne Mette
Kursadministrator Hans Ole Hatle
Søndag 14. februar var det klart for fylkesårsmøte, plattforma var igjen Teams, i tillegg vart GoPlenum nytta til registrering av deltakarar og røysting. Ordførar Aud Solveig Malmedal leia oss trygt gjennom møte.
Kahoot vart nytta til eit avbrekk og spørsmål til deltakarane. Det som kom klart fram er at 4H-medlemmane ynskjer seg digitale uformelle kveldar i denne koronatida - det vil fylkesstyre ta tak i.
Alle saker vart behandla og det vart valt nye representantar til fylkesstyret. Tusen takk til dei som gjekk ut. Og velkommen og lykke til til dokke som tek til på nye verv.
Ein spesiell takk til vår flinke fylkesstyreleiar gjennom mange år Berit Fredriksen, ho har gjort ein kjempe jobb for 4H. Men vi har fått ein veldig god arvtakar: Hans Ole Hatle. Vi gleder oss til å bli leia av deg.
Det nye styre består av:
Leiar (1 år) Hans Ole Hatle valt
Styremedlem (1 år igjen) Ragnhild Bjørkedal ikkje på val
Styremedlem (2 år) Ingun Bævre valt
Styremedlem (2år) Ida Risvik valt
Styremedlem: (1 år) Silje Stadheim valt
Vara for fylkesstyret:
1. vara (1 år) Andreas Skomsø valt
2. vara (1 år) Andrine Ljotebø-Krokå valt
3. vara (1 år) Hege Einset valt
Vi i 4H Møre og Romsdal rettar ein stor takk til alle deltakarane som var med oss begge dagane, til klubbrådgjevarar og foreldre som hjelpte til. Dokke er knakande gode alle saman.