Medlemmane i Grimstadhøgda 4H var på tur i eigen båt, dei hadde strandhogg på Årsundøya.
Klubben er så heldig å ha eigen båt «4-kløveren» som kan ta med alle medlemmane på ein gong.
På Årsundøya gjekk dei på land, nokre lærte om forskjellige skjell og studerte sjøanemonar, andre haldt på med land art, plukka kantarellar eller berre rusla rundt.
På tur heim igjen grilla dei pølser og kosa seg - ein vellykka 4H ettermiddag.