Litt om kva arrangementa er:  

Superhelg er 4H Møre og Romsdal si kombinerte organisasjonsopplæringshelg. Under denne helga i februar får dei påmeldte opplæring i styreverv eller friluftsliv av dyktige styrevervsinstruktørar. Laurdagen i helga arrangerast plakettfest for alle plakettmottakarane i fylket. Her vil seniorane som året før fullførte 4H-løpet få utdelt plaketten som bevis på sitt sjuande godkjente prosjekt og bli ønska velkommen som alumnar i MORAL – Møre og Romsdal Alumnlag. Søndagen gjennomfører 4H Møre og Romsdal sitt fylkesårsmøte. Dette er fylkets viktigaste møte der alle medlemmane har moglegheit til å påverke kva 4H Møre og Romsdal skal drive med dei neste åra.   

Storkurs er ei kjempekjekk helg på hausten som kan minne litt om ein minileir. Den største forskjellen er at vi denne helga søv inne på skule eller grendehus. Alle deltakarar veljer eitt kurs eller aktivitet som dei deltek på under aktivitetsdagen. På kveldstid er det tid til sosialt og moro i kjend 4H-stil.  

 

Kunne klubben din tenkje seg å være vertsklubb for eit av desse arrangementa kommande år? Har du spørsmål til det å være vertsklubb eller ønskjer meir informasjon? Ta kontakt med fylkesstyret v/Hans Ole Hatle, tlf: 90091118 eller send mail til moreogromsdal@4h.no