Kvart år kårar fylke "Årets klubb." Dette er ei påskjønning til klubbar med gode aktivitetar, god deltaking på fylkesarrangement og struktur på styrearbeidet.
Alle kan ver med å nomminere klubbar, for 2019 fekk vi inn veldig mange gode forslag. Fylkesstyre hadde ein utfordrande jobb med å bestemme seg, og den som drog det lengste strået vart Skåla 4H. Her er begrunninga:
Skåla 4H er ein heilt fersk klubb, dei starta opp hausten 2018. Dei held til på Skåla, i Molde kommune og har til saman 21 medlemer. Klubben har hatt veldig god aktivitet gjennom heile 2019, fylkesstyret er imponert over alt dei har klart å få til iløpet av sitt første leveår. Med denne prisen ynskjer vi å rose all den gode aktiviteten, og å motivere til å fortsette i same stil.
Skåla 4H har arrangert mange aktivitetar, blant anna tur til gapahuken på Vågsetra – med grilling og leik, påskeverkstad, tur til gapahuken i Solemdal - med spikking og grilling, besøk til Eresfjord og Vårsol 4H, sommaravslutning med bading, lommelykt tur til gapahuken i Nesjeløypa, og mange medlemsmøte med sosialt fokus som brettspel og kveldsmat.
Skåla 4H arrangerte og ein triveleg haustfest, der medlemmane hadde regien gjennom heile festen. Og der var veldig mange fine prosjekt.
Skåla har og stått på stand på Langhol gard, i forbindelse med Open gard og på julemarked på Solemdal gard. Dei har og hatt samarbeid med jeger og fisk. Dei har hatt besøk av Vårsol 4H, der det var laga til eit flott arrangement. Og dei besøkte Klurtolla 4H på deira haustfest.
Dei har deltatt på mange fylkesarrangement, som Inspirasjonssamling, superhelg, fylkesleir, regionmøter og storkurs.
4H Møre og Romsdal takkar Skåla 4H for stor innsats gjennom heile 2019, og vi gleder oss til fortsetelsen. Vi gratulerer så mykje som Årets klubb 2019!