Kvart år kårar 4H Møre og Romsdal årets klubb. For 2020 vart det Fjellrosa 4H som vann denne gjeve tittelen. I hard konkurranse med mange andre gode klubbar
Fjellrosa 4H vart starta i 1984, klubben har vor aktiv heile vegen. Sjølvsagt med opp og nedturar, men siste åra har dei drive veldig godt.
Dei held til på Hellesylt, i Stranda kommune og har til saman 20 medlemer. Klubben har hatt veldig god aktivitet gjennom heile 2020, fylkesstyret er imponert over alt dei har klart å få til i dette koronaåret. Med denne prisen ynskjer vi å rose all den gode aktiviteten, og å motivere til å fortsette i same stil.
Klubben har tross pandemien klart å oppretthalda aktivitet og har omfamna dei digitale løysingane for å kunne gjennomføre møteverksamheit.
Fjellrosa 4H har arrangert mange aktivitetar, blant anna tur til klatreparken, trampolineparken, kajakpadling, hesteriding, sykling, streethockey, laga tau bruer, mat på bål og bading. Når landet stengde ned hadde Fjellrosa 4H digitale aktivitetar. Der det blant anna vart utdelt «aktivitetspose» til alle medlemmane i forkant. Og så blei ting laga ilag via møte på nett.
Klubben har markert seg som ein inkluderande klubb, med opne arrangement og fokus på å syne fram kva 4H er i lokalmiljøet. Dette har blant anna vor karneval, aktivitetsdag og halloweenfest. Fylkesstyret er spesielt imponert over den gode jobben klubben har gjort for integrering av innvandrarar i lokalmiljøet.
Fjellrosa 4H har og hatt godt samarbeid med andre lag og organisasjonar.
Dei er og flinke til å delta på arrangement i fylke. Og når det i år ikkje vart fylkesleir, besøkte dei Ruggå 4H i Valldalen og hadde minileir.
4H Møre og Romsdal takkar Fjellrosa 4H for stor innsats gjennom heile 2020, og vi gleder oss til fortsetelsen. Premie og pokal vil bli delt ut ved eit seinare høve.
Vi gratulerer så mykje som Årets klubb 2020!