Jonny og June har lagt ned ein stor innsats for 4H, og har sidan 2003 og 2005 vore klubbrågjevarar i Klurtolla 4H. Dei er framleis aktive og har gjennom si fartstid i 4H gjort ein betydeleg innsats for klubben og lokalmiljøet. Dei er begge svært sentrale i oppføringa og utviklinga av klubbens flotte naturmøteplass.  

 

Jonny og June har begge vore aktive deltakarar på fylkesarrangement og bidreg ofte som vaksenleiarar for klubben. I 2016 vart begge innvia som alumnklubbmedlem i MORAL etter søknad og bidreg positivt inn mot alumnklubben.

June har i tillegg hatt verv i fylkesstyret som varamedlem fra 2007 til 2013 og i fylkets valkomité frå 2017 til 2022. Dei er gode ambassadørar for 4H og har mellom anna vore med på å auke klubbens medlemsmasse. 

Landsleir/Nordiskleir er settinga dei fleste assosierer med Jonny og June. Sidan 2008 har dei begge delteke som vaksenleiar på alle storleirar som er gjennomført utanom to. Deira erfaring er ein tryggleik for ungdommen og foreldra i fylket. 

Fylkesstyret i 4H Møre og Romsdal ønskjer å ære June og Jonny Fostervold for sin innsats for 4H Møre og Romsdal.  Og har derfor søkt og fått innvilga deira æresdiplomar. Det er sentralstyret i 4H Noreg som tildelar kven som får dette diplomet.