Ann Marit vart klubbrådgjevar A i Grimstadhøgda 4H i Tingvoll kommune i 1995. Sidan har ho vore der, og engasjementet har vore i eit særstille. Ho har framsnakka og synleggjort 4H lokalt, men også utanfor bygda både i fylket og utanfor fylkets grenser.

I perioden 2008-2010 sat Ann Marit også som fylkesstyreleiar i 4H Møre og Romsdal.

Gjennom arbeidet med naturmøteplassen til Grimstadhøgda 4H har ho vore veldig synleg i media. Naturmøteplassen består av mellom anna gamme, volleyballbane, zipline, glasblåsarverkstad, båt tilrettelagt for personar med funksjonsnedsettelse m.m.

I 2016 vann Ann Marit Friluftslivets Ildsjelpris for sitt arbeid med naturmøteplassen.

Sommaren 2020 skulle Grimstadhøgda 4H arrangere fylkesleir, og æresdiplomet skulle overrekkast der. På grunn av korona vart æresdiplomet utdelt på haustfesten til Grimstadhøgda 4H, til stor overrasking for Ann Marit. Dei andre som var tilstades gratulerte ho så mykje, og synes at æresdiplomet var vel fortent.

Det er fylkesstyret som har nominert Ann Marit Vikan til æresdiplomet, og sentralstyret i 4H Noreg som avgjer kven som får det.