Om din klubb ikkje har meldt interesse til denne kofferten, har vi fortsatt nokre liggandes på kontroet. Send ein e-post til karianne.skotte@4h.no for å få denne tilsendt i løpet av neste veke.

 

Om det er noko som var spesielt bra, eller noko de sakna i denne kofferten, send gjerne ein e-post slik at dette kan takast i betraktning til utvikling av nye prosjekt mot klubbane.

 

Aktivitetskofferten er ei lita satsing 4H Møre og Romsdal har for å bidra klubbane med aktivitet i friluft. Denne kofferten vil innehalde tema-hefter som «bål og bålteknikk», «mat på bål», «aktivitet i naturen», «førstehjelp på tur» og invitasjon til å delta på ei lokal speleveke som er ein aktivitet retta mot dei eldste i klubben.

Hefta er retta mot klubbrådgivarar, og inneheld informasjon som når vi har lov å tenne bål, kva matvarer vi kan finne i naturen og kven vi ringer om uhellet er ute. Kofferten inneheld aktivitetar som blandt anna naturbingo, quiz og senti'over, med beskrivelsar som bidrar til friluftsglede for barn og unge. Det vil også ligge med litt friluftsutstyr for å gjere dei ulike aktivitetane gjennomførbar for klubbane. Det ligg også ved eit spel i denne kofferten, som bidrar til at alle klubbane har anledning til å vere med i den lokale speleveka frå 07.-13. juni.