Ønskjer din klubb meir aktivitet fram mot somaren? Om de viser interesse, har de no mogelegheita til å motta ein aktivitetskoffert med variert og spanande innhald.
4H Møre og Romsdal har gleden av å meddele at vi har fått støtte fra Forum for natur og friluftsliv og aktivitetsmidlar frå 4H Norge til å produsere aktivitetskofferter til klubbane i Møre og Romsdal :D
Aktivitetskofferten er ei lita satsing 4H Møre og Romsdal har for å bidra klubbane med aktivitet i friluft. Denne kofferten vil innehalde tema-hefter som «bål og bålteknikk», «mat på bål», «aktivitet i naturen», «førstehjelp på tur» og «senior» som er ein aktivitet retta mot dei eldste i klubben.
Hefta er retta mot klubbrådgivarar, og inneheld informasjon som når vi har lov å tenne bål, kva matvarer vi kan finne i naturen og kven vi ringer om uhellet er ute. Kofferten inneheld aktivitetar som blandt anna naturbingo, quiz og stafett, med beskrivelsar som bidrar til friluftsglede for barn og unge. Det vil også være med litt friluftsutstyr for å gjere dei ulike aktivitetane gjennomførbar for klubbane. Det er ein spanande kofferten som klubbane vil få muligheten til å få tilsendt heilt gratis.
Om din klubb ønskjer å få tilsendt denne aktivitetskofferten, send ein e-post til karianne.skotte@4h.no, så vil de så langt lageret rekk, få kofferten tilsendt iløpet av mai.