Gjennom prosjektet "Fritt fram i friluft" har klubbane fått tilbod om kurs i enkelt friluftsliv. Her er glimt frå dei to siste kortkursa.
Laurdag 6. juni 2020 skulle Klurtolla ha overnatting ute, og ønska å kombinere dette med kortkurs. Tema for kvelden var kart og kompass, samt ein kort innføring i «bål-vett». Klubben synest det var veldig kjekt og endeleg kunne treffast igjen, og mykje av kurset blei derfor lagt opp til sosial leik og moro. Dei 15 medlemmane som deltok var veldig engasjert og virka til å lære mykje av kurset. Prosjektleiar, Britt Walle, håpar medlemmane no kan vidareutvikle ferdighetane sine innan kart og kompass for å få enda meir glede og tryggheit i naturen!
Fredag 12. juni arrangerte Grimstadhøgda 4H kortkurs og blåtur ute i det fri! Oppe ved den flotte gamma deira starta vi kvelden med leikar og konkurransar med kartteikn, kartsymbol og retningsorientering. For nokon av medlemmane var mykje av teikna ukjent, og sjølv følte dei etter kurs at det blei lettare å lese kart. Etter nokon intense rundar med kartteikn-stafett fekk vi alle servert kylling i wrap laga på bål. Gode og mette blei dei eldste i klubben med ut på blåtur til Terjertjønn over Kvisvik. Ved tjønna blei det bading og fjelltur i solnedgangen. For mange var dette første natt i hengekøye, og med det utruleg flotte været vi hadde, vil nok ikkje dette bli siste gang for mange av Grimstadhøgda sine medlemmar i hengekjøye.