4H-arane er kjempeglade for å kunne møtast igjen. Fylkesstyret har hatt 7 samlingar rundt om i fylket og møtt 170 medlemmar og frivillige.
Regionsamling er eit treffpunkt for klubbane i nærmiljøet. Der fylkesstyret og ansatte reiser ut med eit ferdig opplegg for kvelden, og nyttar og anledninga til å informere om ulike ting som er viktig framover. Denne hausten var sjølvsagt «korleis gjennomføre haustfest» eit stort tema.
Det vart og laga mat på bål, gjennomført koronavennlege aktivitetar og hatt gode erfaringsutvekslingar.
På siste samlinga på Åheim fekk vi og ver med på ei uoffisiell opning av Draumeplassen til Elvablikk 4H.